Forureining

Boss Sakseide 0022.jpg - Klikk for stort bilete Her finn du informasjon om emne som grunnforureining, luftforureining, støy, strålevern og vassforureining. 

Alle har ein generell plikt til å unngå forureining, jf. forureiningslova § 7. Kommunen kan gi særskilt løyve til forureinande tiltak og dette er søknadsbelagt. Kommunen har òg mynde til å gi pålegg til den ansvarlege for ulovleg forureining. I større forureiningssaker er Fylkesmannen rette mynde.

Forureiningslova § 28 lyd: "Ingen må tømme, etterlate, oppbevare eller transportere avfall slik at det kan virke skjemmende eller være til skade eller ulempe for miljøet."

 

Sanitært avløpsvatn

Skal du ha innlagt vatn til bolig eller fritidsbolig må du samtidig ha godkjent ordning for utslepp. Om du ikkje kan tilknytast offentleg avløpsanlegg må du ha eit utsleppsløyve.



Vassforskrifta
Gjennomføring av vassforskrifta er den norske innføringa av EU sitt vassdirektiv. Føremålet er å ta vare på og forbetra miljøtilstanden i alt ferskvatn, kystvatn og grunnvatn.

 

Publisert av Morten Meland. Sist endra 14.09.2015
Fant du det du leitte etter?