Helsesøster, Gilje skule

Kristin Håstø.JPG - Klikk for stort bilete

 

Helsesøster tilknytta Gilje skule er Kristin Bjelland Håstø og ho er å treffa på Gilje skule kvar torsdag føremiddag og etter avtale.
 

Helsesøster:

•  Arbeider for å fremja helsa og trivnaden til eleven, gode sosiale og miljømessige tilhøve og forebyggja sjukdom og skade
•  Vil saman med skulen, foreldre og andre arbeida for eit godt skulemiljø
•  Er tilgjengeleg for elevane, føresette og skulen sitt personell på område som vedkjem helse og trivnad
•  Har samtale med eleven(-ane) individuelt og i grupper for å bevisstgjera dei på korleis ein kan ta vare på eiga helse både fysisk, psykisk og sosialt
•  Kartleggja helsa og trivnaden til eleven
•  Medverka til løysing av eventuelle vanskar, saman med eleven, føresette, skulepersonell og andre i hjelpeapparatet
•  Føl opp vaksinasjonsprogrammet
•  Kan ikkje gje personlege opplysningar vidare utan vedkomande sitt samtykke

Innhaldet i skulehelsetenesta i Bømlo:

Året før skulestart:
Helseundersøking ved lækjar og helsesøster.

2. klasse:
Vaksine mot polio, difteri, stivkrampe og kikhoste

3. klasse:
Vekt og høgdemåling. Individuelle samtale med helsesøster med utgangspunkt i spørjeskjema.
1., 2., 4 og 5. kl.: Oppfølging av enkeltelevar.

5.klasse:
Gruppesamtalar

6. klasse:
Vaksine mot meslingar, raude hundar og kusma.

7. klasse:
Vaksine mot HPV for jenter
Gruppesamtalar og/eller individuelle samtalar.

Gode råd til føresette:

Råd om leggjetider:

1. klasse: kl. 1930
2. klasse: kl. 1945
3. klasse: kl. 2000
4. klasse: kl. 2015
5. klasse: kl. 2030
6. klasse: kl. 2100
7. klasse: kl. 2130

Dette er rettleiande med ein 1/2 time "slingring" og individuelle søvnbehov.

Generelle råd:

•  Stå opp i lag med og et frukost med barnet
•  Me oppmodar om at elevane går eller syklar til skulen. Dette er godt for helsa til eleven og det reduserer biltrafikken på skulevegen
•  Refleks er viktig
•  Alle må ha med ei god niste. Skulen set av tid slik at elevane kan eta nista si
•  Set grenser, alle barn treng å vita kva dei har lov til. Grenser gir tryggleik
•  Barn treng eit godt sjølvbilete. Leit etter det positive og gje dobbelt så mykje ros som "ris"
•  Ikkje sei at barnet er umuleg. Gi heller beskjed om kva du ikkje likar
•  Straff nyttar lite - la dei gjere noko som er keisamt for å korrigere åtferd
•  Syn interesse for og oppmuntra barnet ditt til å gjera skulearbeidet
•  Hjelp til med skulearbeidet dersom det er naudsynt - lesing er spesielt viktig
•  Dersom barnet klagar over at skulen eller lærarane er dumme, må du ikkje gje barnet medhald. Prøv heller å finna ut kva som er gale
•  Snakk om problemet med læraren eller rektor - eller tillitsvalde foreldre
•  Gje beskjed dersom du har mistanke om omsorgssvikt eller overgrep (barnevern eller politi)
•  Barn som føler at dei er verd noko får større interesse for å ta vare på seg sjølv
•  Hugs at eleven har gode og høvelege klede i skulekvardagen
 

Les meir om skulehelsetenesta her.

Sist endra 27.02.2017 13:19
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
Nyttige lenker (1)
 
Login for redigering