SamPro

 

Sampro er eit elektronisk verktøy som blir nytta i samarbeidet rundt individuell Plan.

Den som eig planen/pårørande bestemmer kven som skal ha tilgong til SamPro, og kva den enkelte skal ha tilgong til. Dette skal førast inn i skjema for ”samtykke”. Dette skjemaet bli oppbevart hos Koordinator.

Du treng kun tilgong til internett for å få tilgong til SamPro, noko som gjer at du lettare kan vera deltakande i eiga oppfølging.

SamPro er like sikkert som nettbank.

For å koma inn på SamPro, loggar ein seg inn på https://www.individplan.no
Ein må ha brukarnamn og passord for å få tilgang til SamPro. Dette får ein hos koordinator.


Innkallingar, møteendringar, referat, meldingar til enkelte deltakarar m.m. blir formidla via SamPro, og deltakarane får melding på mobilen når dette skjer. Dette gjer behovet for fysiske møter mindre, men ein kan likevel sikra effektiv og tydeleg kommunikasjon.

Sist endra 31.10.2014
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering