Følgjeprov (ledsagerbevis)

Kva er eit følgjeprov/-kort?
Følgjeprov skal gje funksjonshemma med stort behov for hjelp og tilsyn dei same høva som alle andre til å ta del i kultur- og fritidsaktivitetar.  Følgjeprov er eit dokument i form av eit kort som vert laga til personer som på grunn av funksjonsnedsetjing treng følgje for å delta i samfunnet.

Følgjeprov er eit verkemiddel for å førebyggja isolasjon og dermed bidra til auka livskvalitet for den enkelte. Auka tilgjenge til kultur- og fritidsaktivitetar er med å auka livskvaliteten.

Følgjekort kjem ikkje i stadenfor andre ordningar som t.d. støttekontakt, avlastning osb.

Følgjeprov er ikkje ei lovpålagt ordning, men ei frivillig ordning som kommunane kan innføra. Ordninga skal gi følgepersonen fri adgang til offentlege kultur- og fritidsarrangement og offentlege transportmidlar der ordninga vert akseptert.

 

Kven kan søkja?
Ordninga er meint for:

  • Personar med psykisk utviklingshemming
  • Personar som har ei psykisk liding
  • Personar med samansette/andre funksjonshemmingar

Det vert ikkje teke omsyn til søkjar sin økonomiske situasjon, eller søknader som gjev opp økonomiske årsaker som grunn for å søkja. 

Ordninga omfattar ikkje korttidssjuke. Ordninga gjeld personar m/funksjonshemming som varer minst 2 - 3 år. 

Merk! Ikkje alle funksjonshemmingar gjev automatisk rett til følgjekort. 


Kriterier for å få følgjekort
Det må liggja føre eit tydeleg behov for følgje, støtte og tilsyn. Følgjekort vert berre gjeve til personar med varig funksjonshemming, som er avhengig av eitt eller fleire følgje, etter søknad. Den faglege vurderinga byggjer på opplysningar underlagt teieplikt. Søkjar må godkjenna innhenting av slike opplysningar.

Ordninga er ikkje knytt til om søkjar er trygda.

Følgjekort skal fungera som eit verkemiddel for å førebyggje sosial isolasjon og for å auka livskvaliteten.

Følgjekort vert tildelt uavhengig av kor ofte det er aktuelt å gjera seg bruk av kultur - og fritidstiltak.

Søkjar må vera fylt 8 år.

 

Høve til å klaga
Eit avslag kan klagast  på innan 3 veker. Klagen vert å senda til Barne og Familietenesta som vil vurdera søknaden på nytt, og evt. fremja sak overfor Formannskapet som kommunalt klageorgan. 


Kvar kan følgjekort brukast?

  • Alle kommunale kultur - og fritidsaktivitetar. Bømlo kommune har oppfordra andre kulturarrangørar til å slutta seg til denne ordninga. Liste over der ein kan nytta følgjeprov kan hentast ved sosiale tenester.
  • Alle andre kommunar, både i Hordaland og andre fylker, som er med på følgjekortordninga.
  • Kortet kan berre nyttast på stader der ordninga vert akseptert.

Val av følgje
Følgje bør vera over 16 år. Elles står søkjar fritt i val av kven han/ho vil ha til følgje, t.d. ein ven, eit familiemedlem, ein støttekontakt mv.
 
Kvar skal du søkja?
Om du er under 18 år kan alle søknader og spørsmål om følgjekort kan rettast til Barne og Familietenesta til Bømlo kommune, Bømlohallen,5430 Bremnes:

Gro Marita V Tulloch, 53 42 32 05, gro.marita.vage@bomlo.kommune.no

Tina Olsen, 53 42 32 11, tina.olsen@bomlo.kommune.no

 

Er du over 18 kan søknader og spørsmål rettast til: Tenestekontoret i Bømlo, Leirdalen 1, 5430 Bremnes. 

Tlf: 53 42 34 70.

Søknadskjema om følgjeprov (PDF, 2 MB)

 

Epost: postmottak@bomlo.kommune.no

 

Retningslinjer for følgjekort

  • Sjølve provet er eit kort, utstedt av kommunen, som stadfestar at korthaldar treng følgje, treng vedkomande fleire fylgjer skal dette stå i kortet.
  • Kortet kan berre nyttast på stader der ordninga vert akseptert.
  • Kortet vert utstedt av kommunen søkjaren bur i, og skal ha Bømlo sitt kommunevåpen på, samt bilete av korthaldar.
    For å få eit slikt kort, må ein søkja til Bømlo kommune.
  • Korthaldar betalar sjølv gjeldane billettpris.
  • Følgje kjem gratis inn.
  • Dei laga/organisasjonane som har akseptert ordninga skal ha ein eigen plakat som viser dette, godt synleg der ein krev inngongspengar. Denne vert utstedt av kommunen.
    Bømlo kommune aksepterer ordninga på alle sine aktuelle arrangement. Dette er uavhengig av kva kommune korthaldar er busett i.
  • Korthaldar skal alltid visa kortet uoppfordra, for å gjere seg nytte av ordninga.
  • Misbruk av kortet kan føra til inndraging.
  • Følgjekortet gjev ikkje fortrinn føre det øvrige publikum, slik at man kan krevja å koma inn sjølv om det er fullt.
  • Vedkommande må og tinga billettar på lik linje med andre der det er naudsynt.
  • Følgjekortet kan ein nytta på alle stader som har akseptert ordninga, også i andre kommunar enn der du bur.
  • Brukar kan ikkje krevja å få nytta kortet på stadar som ikkje kjenner til eller ikkje har akseptert ordninga.
  • Brukar kan be kommunen om ei liste over stader og arrangører som har akseptert ordninga.
  • Lag og organisasjonar som får tilbod om kommunal stønad til lag og organisasjonar aksepterer ordninga ved å ta imot slik stønad.
  • Kortet er gyldig i 4- fire år frå den dato vart gjeldande
Sist endra 19.11.2015
Fant du det du leitte etter?
Kommunale tenester (1)
Eining (1)
 
Login for redigering