Kreftkoordinator

Når du eller ein av dine næraste har fått ein kreftdiagnose, er du i ein vanskeleg livssituasjon. Då kan kreftkoordinatoren i Bømlo kommune vere til hjelp og støtte. Du er velkommen til å ta kontakt med Reidun R. Sortland anten per telefon, e-post eller på kontoret i Rådhuset tysdag og fredag, og torsdag etter klokka 12.

Når eg sjølv eller ein som står meg nær har fått kreft, kva treng eg å vite? Kven kan eg spørje? Kva kan kreftkoordinatoren hjelpa deg med?

 

Kreftkoordinator for Bømlo kommune (PDF, 3 MB) er Reidun R. Sortland. Ho kan gje råd og vegleiing til pasient, pårørande og samar­beidspartnarar i kommunen. Vere ein samtalepartnar – vera synleg og tilgjengeleg for kreftpasientar og familien deira. Sortland har oversikt over tenester og aktuelle tilbod, samt oversikt over og samarbeid med pasient­foreningar og frivillige.

 

Tema som kan vere aktuelle i samtalar er:
• Kanskje har alt gått fint og du er frisk, men slit framleis med spørsmål du ikkje har svar på.
• Er under behandling men treng nokon å snakke med.
• Rehabiliteringstida tar kanskje lengre tid enn du hadde trudd, og kvardagen vart ikkje slik du hadde forventa.
• Du har fått beskjed om at du ikkje kan verte frisk, og treng nokon å snakke med.
• Du er pårørande og synest ting er vanskelege, treng nokon å snakke med.
• Støtte og hjelp til born når mor eller far har fått kreft.
• Støtte og hjelp til familiar med kreftsjuke born.


Kreftkoordinatoren vil og ha eit tett samarbeid med helse-og omsorgstenesta og NAV i kommunen, og er ansvarleg for å samordne tilbod og tenester rundt kreftpasienten.


Ta gjerne kontakt sjølv eller be legen din, sjukehuset eller andre om å formidle kontakt.

 

Kontaktopplysningar Kreftkoordinator for Bømlo kommune:

Kreftkoordinator: Reidun R. Sortland
Tenestekontoret
Telefon: 53 42 34 73 / 908 59 944
postmottak@bomlo.kommune.no

 

Kontortid: Tenestekontoret på BBH - måndag til fredag kl. 08.00 til 15.00

Foto: FreeDigitalPhotos. - Klikk for stort bilete

Sist endra 28.09.2018
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Bømlo sjukeheim
Telefon:
53 42 34 73
Mobil:
908 59 944
Tittel:
sjukepleier
Bunnhjørne
Eining (1)
 
Login for redigering