Velferdsteknologi

Målgruppe 
Personar som grunna sjukdom, funksjonshemming eller av andre årsaker har trong for rask hjelp. Personar som kjenner seg utrygge i eigen heim. 
 
Formål med tenesta 
Leige av alarm/sensor skal vera eitt av fleire tiltak som kan få søkjar til å bu lenger heime.    
 
Tenesta gjeld 
Tryggleiksalarmen og sensorar er tenester som ikkje er lovpålagt. Dermed kan ikkje søkjar visa til ein rett til tryggleiksalarm sjølv om ein fell inn under kriteria for utleige. Tildeling skjer etter ei individuell og fagleg vurdering.
  
Alarmen er kopla opp heimesjukepleietenesta i verksemdsområda.
Dersom helsetilstanden tilseier det, kan tryggleiksalarmen bli trekt attende.

 

Korleis søkja tenesta 
Søknad skal skrivast på Søknadsskjema Helse- og omsorgstenester og sendast til Tenestekotnoret i Bømlo kommne, Leirdalen 1, 5430 Bremnes. Du kan òg levera søknaden i skranken på Rådhuset.


Har du spørsmål? Ta kontakt på tlf 53 42 34 70.

 


Tryggleiksalarm inkludert røyksensor

Tryggleiksalarm er ein alarm som inneheld Sim Kort og langvarighetsbatteri. Alarmen har direkte kopling til Alarmsentralen.

 

Ved utløyst alarm, samtaler alarmsentralen over tryggleiksalarmen og spør deg om kva du treng hjelp til. Brukar kan ha alarmknapp som armband, eller som halskjede. Alarmknappen er vanntett og har lang batterilevetid. Den verkar innom huset. Ved dårleg dekning monterer teknikar frå Doro Care ekstern antenne for betre signal.

 

Med i leasingprisen får du med ein røyksensor. Røyksensor er ein røykvarslar med varsling til alarmsentral om den blir utløyst. Dersom alarmsentralen ikkje får kontakt med brukar, vil alarmsentralen ringe Brannvesen og det kjem utrykking. Dette er eit brannførebyggjande tiltak som me allereie no ser stor nytte av. Røyksensoren skal oppdage røyk og varsle alarmsentralen. Røyksensor har innlagt simkort og batteri med lang levetid.
Dersom batteriet begynner å bli dårleg, skifter teknikar frå Doro Care dette.
 
Det vert sett opp nøkkelboks ved inngangsdøra, og søkjar må syta for og betala ekstra nøkkel. Betaling for leige av alarm er etter betalingssatsar fastsett av kommunestyret. I leiga ligg det og vedlikehald og reparasjon. Det kjem eit enkelt etableringsgebyr ved oppmontering.

  
Pris for leige finn du under Pleie- og omsorgstenester - eigenbetaling

 

Meir om saksbehandling og rett til å klaga på vedtak finn du her.
 
 

Sengesensor

Helsehjelp, men brukar treng tryggleiksalarm for kommunikasjon med alarmsentral.

 

Sengesensor er ei sengematta som ein legg i senga til brukar. (det føl med 2 matter). Matta kan stillast inn med ulikt tidsintervall, og løyser seg ut om brukar ikkje kjem att til gitt tidsrom. (t.d. fare for fall). Søv hund i senga?osb. Dersom brukar kjem att før alarmtida slår seg ut, vil alarmen sjølv slå seg av, og resette seg til start igjen.

 

Dørsensor

Helsehjelp, men brukar treng tryggleiksalarm for kommunikasjon med alarmsentral.

 

Dørsensor registrerer opna dør eller opna vindu etc. fordi det er innebygt ekstern magnetsensor som blir løyst ut. Dørsensor er utstyrt med forbikoplingsknapp slik at pårørande og helsepersonell kan gå fordi utan at alarm slår seg ut.

Dersom dørsensor blir løyst ut vil tryggleiksalarmen starte å snakke, t.d. Brukar får dørsensor for å unngå at brukar går ut på nattestid, og det vil gå  mange timer før h*n vert sakna av andre.

 

Rørslesensor

Helsehjelp, men brukar treng tryggleiksalarm for kommunikasjon med alarmsentral.

 

Rørslesensor er enkelt frittståande sensor med fleire ulike bruksområder. Med innebygd PIR sensor kan den detektere aktivitet og inaktivitet innanfor definert tidsrom. Avhengig av valt funksjon kan rørslesensor t.d nyttast som alarmutløysar ved dektert vandring på natt eller rom brukar har forlatt, eller dømesvis falt ut av senga. Som inaktivitetssensor kan ein registrere om ein person ikkje har vært innom eit bestemt rom i løpet av eit gitt tidsrom. Sensor drives av batteri eller straumadapter. Obs! Er det husdyr som kan utløyse alarmen?

 

Medikamentdispenser

Medikamentdispenser er helsehjelp, og brukar treng ikkje tryggleiksalarm i tillegg.

 

Føremålet med medikamentdispenser er å oppnå god livskvalitet for brukar. Ny teknologi kan hjelpe fleire å leve et godt liv, og bu heime trygt lengre. Målet er å få rett medisin, til rett tid, og at pasient skal klare å handtere medikamenta sjølvstendig utan hjelp.

 

Medikamentdispenser er ein elektronisk systemboks som blir serva og programmert frå heimesjukepleia. Dispenseren koplar saman Apotek 1 sin medikamentrull informasjon opp mot vår database til medikamentdispenseren, og dermed vil den oppdaterte medikamentlista hjå apoteket vera dobbeltkontrollert.

 

Heime hos brukar vil det kome varsel når det er tid for å ta medisin, og med førehandstinnstilt klippesnipp på medisinposen vil det vera enkelt å opne og finne medikamenta sine.

 

Hos heimesjukepleia må det leggjast inn medisinplan, og rett dispenser må koplast til rett brukar i Dignio Prevent systemprogram. Her kan det også leggjast inn ekstra varsel, eller det kan leggjast inn størrelse på snittklippa brukar kan få når posen kjem ut. (jo større snitt jo større hull er ferdiglaga i posen).

 

Digitalt tilsyn

Helsehjelp, og brukar kan med fordel ha tryggleiksalarm.

 

Digitalt tilsyn er eit kamera som blir plassert i aktuelt rom for tilsyn. Ofte brukt som nattilsyn. Kamera kan ikkje lagre bilder/film. Tidsrommet for tilsyn blir loggført og lagra for kontroll. Aktuell case kan vera at fru.. blir vekka kvar natt når heimetenesta kjem innom og ser til ho.I staden vel heimetenesta i samråd med brukar å bruke digitalt tilsyn. Dei går inn på skjerm for tilsyn og ser at brukar har det bra og tilsynet er over. Dersom  brukar ikkje er i senga, kan ein ta ettersyn og logge seg inn på tilsyn etter ei stund.

 

GPS – Lokaliseringsteknologi

GPS sporing for å finne brukar som ofte går seg bort, eller slit med å finne vegen heim att.

 

GPS kan via tovegskommunikasjon fungere som mobiltelefon. Batterilevetid er noko redusert, men fungerer. Finnes som halskjede og som klokke, dei kjem frå leverandøren Safemate som Doro Care handsamar.  

 

Lokaliseringsteknologi (GPS) kan opplysa om geografisk posisjon. Produktet kan brukast utandørs, og kan via GSM sende koordinatar. Dekning for området brukar oppheld seg dagleg i skal kontrollerast av Doro Care teknikar.

 

GPS alternativ blir vurdert ut frå brukarvennlegheit opp mot brukar

Bømlo kommune har valt å dele vedtak for GPS inn i to variantar. Dette då det kan vera ulike behov for bruk av GPS. Dette blir vurdert av tenestekontoret  gjennom inntaksmøter, og kartleggingsmøter.

 

Gruppe 1 – GPS Tryggleik:
Med eigenbetaling, og kan gis som verktøy for tryggheit.


Gruppe 2 – GPS Helsehjelp:
Gis til personar med diagnose kognitiv svikt/demens.

 

For å sikre godt samarbeid mellom helsetenestene og brukar/pårørande er det utarbeida skjema og samarbeidsrutinar som ein må gjennomgå før ein tar i bruk GPS. Dette for å sikre at tenesta er brukarvennleg opp mot brukaren som skal få produktet. 

Sist endra 21.02.2020
Fant du det du leitte etter?