Trygde- og omsorgsbustadar

Målgruppe 
Dei som treng tilrettelagt bustad.   
 
Formål med tenesta
Tilrettelagt bustad tilpassa den einskilde sin helsesituasjon og funksjonsgrad som skal kunna gjera det mogleg for vedkomande å halda fram med å bu i eigen bustad så lenge det let seg gjera.   
 
Tenesta gjeld 
Kommunen disponerer bustader eigd av Bømlo Kommunale Eigedomsselskap AS (BKE AS). I tillegg har kommunen tildelingsrett på fleire burettslagsleilighetar i Vestbo. Bustadane er lokaliserte på Svortland, Langevåg, Mosterhamn og Finnås. Dei har alle livsløpstandard, dvs. at dei er tilpassa rullestolbrukarar og er tenlege for ulike fysiske funksjonshemmingar. Om nødvendig kan dei tilpassast særskilte funksjonshemmingar.


Trygde- og omsorgsbustader har ikkje fast personale, men bebuarane får heimehjelp, heimesjukepleie, tryggleiksalarm m.v. ut frå kva behov den einskilde har (retten til slik hjelp er ikkje knytt til kvar du bur, men kva funksjonsvanskar du har). Ved å få ein lettstelt, moderne bustad som ligg nærare butikk og servicekontor, opplever mange eldre og funksjonshemma at dei lenger kan bu i eigen bustad.

Kva er kravet for å motta tenesta?
Alle som meiner dei har behov for tilrettelagt bustad, kan søkja om dette. Tildeling skjer når det vert ledig bustad, og til den som har det største behovet ut frå ei samla vurdering. Dei kommunale bustadene er utan innskot, og du betalar vanleg husleige.


For bustad i burettslag må du i tillegg til husleiga betala eit innskot. Dette vert betalt attende når du sel bustaden. Kommunen kan hjelpa til med å finansiera innskotet. I begge høve vil du etter Husbanken sine reglar kunna få bustøtte for å redusera buutgiftene. 
 
Korleis søkja kommunal trygde og omsorgsbustad (leige)?
Søknad om leige av trygde/omsorgsbustad skal skrivast på Søknadskjema Helse og omsorgstenester og sendast til Tenestekontoret i Bømlo kommune, Leirdalen 1, 5430 Bremnes. Du kan òg levera søknaden i skranken på Rådhuset.


Korleis søkja om å få kjøpa burettslagsleilighet (Vestbo)?
Ledige bustader blir lyst ut for salg gjennom aviser og på Finn.no. Søknadsskjema ligg då ved bustadprospektet.

 

Har du spørsmål?
Ta kontakt med Tenestekontoret på tlf 53 42 34 70 eller Vestbo - tlf  55 30 96 00

Sist endra 11.11.2015
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (2)
Kontaktinformasjon (1)
 
Login for redigering