Kommunale utleigebustader

Målgruppe 
Kommunal bustad kan vera eit tilbod til dei som har problem med å skaffa bustad på den private bustadmarknaden på grunn av økonomiske, helsemessige eller sosial forhold.    
 

Tenesta gjeld 
Kommunen har om lag 150 bustader eigd av Bømlo Kommunale Eigedomsselskap AS (BKE AS). Bustadane er lokaliserte til Svortland, Rubbestadneset, Mosterhamn, Finnås og Langevåg. 


Kva er kravet for å motta tenesta 
Alle som meiner dei har behov for kommunal bustad, kan søkja om dette. Tildeling skjer når det vert ledig bustad, og til den som har det største behovet ut frå ei samla vurdering. Ved vurdering av søknad blir mellom anna fylgjande lagt til grunn: noverande busituasjon, ressursar, økonomi og helsesituasjon.


Korleis søkja kommunal bustad?
Søknad om leige av trygde/omsorgsbustad skal skrivast på søknadsskjema kommunal utleigebustad (PDF, 183 kB) og sendast til Tenestekontoret i Bømlo kommune, Leirdalen 1, 5430 Bremnes. Du kan òg levera søknaden i skranken på Rådhuset.


Har du spørsmål som søknad?
Ta kontakt med Tenestekontoret - tlf 53 42 34 70.

 

Har du eit akutt bustadproblem/ behov for mellombels husvære?
Ta kontakt med NAV - tlf. 55 55 33 33


Sjå BKE AS

Publisert av Jorunn Jacobsen Folgerø Holm. Sist endra 11.11.2015
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering