Bustønad (Husbanken)

Bustønad er ei behovsprøvd statleg stønadsordning for dei som har låg inntekt og høge bukostnader.

Husbanken og kommunen samarbeider om bustønadsordninga. Husbanken fattar vedtak, men det er kommunen som behandlar søknaden og har all kontakt med deg som søkjar.

 

Kor er bustønadskontoret i kommunen?

Bømlo kommune, Rådhuset, Leirdalen 1, 5430 Bremnes. Tlf. 53 42 30 00


Sjekk om du kan få bustønad


På Husbanken sine nettsider kan du sjå kven som kan få bustønad, kva slag krav som gjeld for bustaden og kva for inntektsgrenser som gjeld. Du kan og prøve bustøttekalkulatoren.

 

Søk bustønad


Søknadsfristen for bustønad er den 25. kvar månad. Utbetaling skjer ca. den 20. i påfølgjande månad. Dersom du får godkjent bustønad, blir søknaden din overført til neste månad. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, blir søknaden din automatisk overført til neste månad.

 

Meld frå om endringar


Du har plikt til å melde frå dersom det er endringar i nokon av opplysningane du har gitt i søknaden. Sjekk alltid at det er brukt riktige opplysningar i vedtaket du får.

 

Klage på vedtak om bustønad


Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker etter du fekk vedtaket. Klagen skal du sende til kommunen.

 

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om bustønad på husbanken.no. Du kan og ta kontakt med kommunen for å få hjelp og rettleiing.

 

Regelverk


• Lov om bustøtte

• Forskrift om bustøtte

Sist endra 04.01.2018
Fant du det du leitte etter?