Økonomisk sosialhjelp

 

 

Korleis søkjer du?

 

No kan du søkje om økonomisk sosialstønad digitalt

Du kan no søkje om økonomisk sosialhjelp digitalt i Bømlo kommune. Den nye løysningen gjer at du kan søkje heimanfrå heile døgnet på pc, mobil eller nettbrett.

For å søkje økonomisk sosialhjelp digitalt, må du logge seg inn på «Ditt NAV» på nav.no med BankID eller andre sikkerhetsløysningar som Buypass eller Comfides.

 

Trenger du hjelp?

Trenger du hjelp til utfyllinga, kan du ringe NAV Kontaktsenter på 55 55 33 33 og få rettleiing over telefon. Du kan òg få hjelp på NAV-kontoret i opningstida (mån-ons-fre kl 10-14).

 

Dersom du av ulike årsaker ikkje kan nytte deg av den digitale søknaden om økonomisk sosialhjelp, kan du framleis møte opp på NAV-kontoret i opningstida og fylle ut papirsøknad.

 

Du kan og setja fram søknaden munnleg, og få hjelp med å fylla ut søknadsskjemaet.

 

Rettleiar og meir informasjon om økonomisk sosialhjelp

 

Det er du som avgjer kva du ønskjer å søkja om hjelp til.  Saman med søknaden må du levere naudsynt dokumentasjon. Dette kan blandt anna vere legitimasjon, opphaldsgrunnlag (for utanlandske statsborgarar), husleigekontrakt, dokumentasjon på inntekter og utgifter, kontoutskrifter, skattemelding m.m.                                    


Før du søkjer

Dersom du er arbeidsfør må du registrera deg som arbeidssøkjar på www.nav.no og opptatere og fylle ut din CV. Hugs å ta med all relevant erfaring på din CV.

 

NAV-kontoret vil og kunna gje rettleiing om korleis ein kan gå fram for å løysa dei økonomiske vanskane på andre måtar enn ved sosialhjelp, t.d. ved å utsetja betaling av rekningar, få til avdragsordningar, refinansiering m.v. Sjå nærare under Gjeldsrådgjeving.   

 

Krav om aktivitet

NAV kan stille vilkår om at du skal redusere utgifter, auke inntekter og delta i aktivitetar når du mottar økonomisk stønad.

 

Målet er at du skal kunne forsørgje deg sjølv.

 

NAV kan mellom anna stille vilkår om at du:

  • Møter til veiledningssamtalar
  • Søkjer på relevante jobbar
  • Deltar på arbeidsretta kurs og tiltak, arbeidstrening eller anna aktivitet.
  • Realiserer formuesgoder
  • Reduserer buutgifter
  • Oppsøker lege dersom du har helseplager

 

Til deg under 30 år 

 

Dersom du er under 30 år, vil NAV stille krav om at du deltar i aktivitet når du mottar økonomisk sosialstønad. Målet er å hjelpe deg til å kome i arbeid eller utdanning, slik at du kan forsørgje deg sjølv med eigen inntekt.

 

Dersom du ikkje fyller vilkåra om aktivitet kan det få konsekvensar for stønaden din.

 

Kor mykje kan du få?

Kor mykje du kan få i stønad er avhengig av din familiesituasjon, tal personar som høyrer til hushaldet, busituasjonen med mer. Vi fastsetter stønaden etter individuell vurdering i kvar enkel sak.

 

Dei heilt grunnleggjande behova som mat, kle, bustad og oppvarming omtalar vi ofte som livsopphald når vi gjer vedtak om økonomisk sosialstønad.

 

Utgifter til fritidsaktivitetar, telefoni, tv, transport og helse- og tannbehandling reknar NAV som ein del av livsopphaldet.

 

Me ser og på om du har særlege utgifter som vi bør ta omsyn til. Vi vektlegg særleg barn og unge sine behov.

 

Den vanlegaste forma for økonomisk sosialstønad er pengebidrag. Du kan og få hjelp i form av lån, føresett at du har økonomi til å betale lånet tilbake. Stønad i form av varer og tenester er og eit alternativ.

 

Saksbehandlingstid

Søknaden vil bli handsama innan 4 veker få den er fullstendig dokumentert.

 

Om du ser at du innan kortare tid treng hjelp til det mest naudsynte som for eksempel mat og personlege artiklar, er det viktig at du tek kontakt straks, enten i vår opningstid (mån-ons-fre kl. 10-14) eller via NAV kundesenter.


 

 

 

Sist endra 29.04.2019
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering