Bømlo ungdomsråd, reglement

1. Ungdomsrådet i Bømlo kommune heiter Bømlo ungdomsråd, og kan kortast til BUR.  
 
2. Føremålet med ungdomsrådet er mellom anna:

  • Å fremja ungdommane (8 kl. - 19 år) sine interesser i deira nærmiljø.
  • Å styrkja og hjelpa born overfor beslutningsprosessane i kommunen.
  • Å vera høyringsorgan i kommunen i dei saker som vedkjem dei unge.

3. Ordføraren er BUR sin politiske fadder.
 
 
4. 2 medlemmer frå BUR har uttale rett og forslagsrett i:

  • Kommunestyret
  • Formannskapet
  • Andre råd og utval

5. Ungdomsrådet avgjer sjølv kva saker dei ynskjer å handsama.  
 
6.  BUR skal ha 12 medlemmer med personlege varamedlemmer. 
 
7.  Medlemmane skal veljast slik:

  • 2 medlemmer frå kvar av ungdomsskulane (med ein av kvart kjønn).
  • 2 medlemmer frå kvar av dei vidaregåande skulane RYS og BVS.
  • Det skal for alle medlemmene veljast personlege varamedlemmer.
  • Medlemmer og varamedlemmer vert valde for 2 år.
  • Det skal haldast val ein gong i året.

8. Dei vaksne medlemmane (politikarane) har uttale- og forslagsrett i rådet.  
 
9. BUR konstituerer seg sjølv ein gong kvart år, på fyrste møte etter nyval. Det skal då veljast:

  • Leiar
  • Nestleiar

10. Rådet skal ha minimum 6 møte i året, fordelt på 3 kvart halvår.  
 
11. Det må vera 7 medlemmer til stades for at BUR skal kunna gjera vedtak.   
 
12. Ved likt stemmetal har leiar dobbeltstemme. Dette gjeld ikkje ved personval som skal vera skriftlege.

13. Møteinnkalling skal sendast ut seinast 7 dagar før møtet.  
 
14. Ungdomsrådet avgjer sjølve kva tid og kvar møta skal vera.  
 
15. Den som flyttar frå kommunen kan ikkje halda fram som medlem i rådet. Varamedlem stiller då som representant fram til neste val.   
 
16. Det er høve til å søkja om fritak frå vervet ved sjukdom eller andre årsaker som gjer at vedkommande vidare ikkje kan ivareta oppgåva som rådsmedlem.   
 
17. Møteinnkalling, møtebøker og dokument som vedkjem BUR skal arkiverast hos Bømlo kommune.  
 
18. Valde representantar har rett på opplæring. Det skal skje enten ved interne eller eksterne kurs eller på kurs med vaksne politikarar.   
 
19. Er eit medlem ugild i ei sak, pliktar denne å melda frå om dette til rådet før saka vert handsama.   
 
20. Rådet kan kalla inn personar frå administrasjonen eller politikarar om dei ynskjer det.   
 
21. Leiar i rådet leiar møtene. Ved forfall trer nestleiar inn som leiar.   
 
22. Rekneskapen til BUR skal førast som del av kommunen sitt rekneskap.   
 
23. Det skal kvart halvår setjast opp ein møteplan for rådet.   
 
24. Medlemmene får ei møtegodtgjersle som skal vera 0/5 promille av ordføraren si godtgjersle.
    
25. Medlemmene får dekka reisekostnader i samband med møte i rådet.   
 
26.  Ungdomsrådskontakten skal:

  • Vera rådet sin kontaktperson i kommunen og informera om saker som kan vera av interesse.
  • Senda ut møteinnkalling, referat frå møta og arkivera post til rådet.
  • Ha ansvaret for ungdomsrådet sin kontinuitet (val og liknande).
  • Ha ansvar for opplæringa av rådsmedlemmene.
  • Sjå til at vedtak som vert gjort av rådet vert sett ut i livet.

27. BUR skal følgja skuleåret. Val skal haldast så snart som mogleg etter skulestart og seinast innan 15. september.  
 
28. Møta i BUR skal vera ope for publikum, men rådet kan på lik linje med andre politiske utval handsama saker i lukka møte når det er ynskje om dette og det er i høve til lovverket.  
 
29. Ungdomsrådet kan ikkje løyva midlar til arrangement der det skal serverast alkohol.

Sist endra 21.07.2014
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering