Eldrerådsreglement

1. Eldrerådet er oppretta i medhald av lov (Lov av 8. nov. 1991, nr. 76), som eit rådgjevande organ for kommunen, med dei arbeidsoppgåver som lova seier.  
  
2. Eldrerådet skal ha fem medlemer, med personlege varamedlemer. Fleirtalet av medlemene i rådet skal vera alderspensjonistar i kommunen. Medlemene vert valde av kommunestyret for kommunevalbolken. Pensjonistforeiningar i kommunen har rett til å koma med framlegg til val av medlemer og varamedlemer.
   
3. Eldrerådet vel sjølv leiar og nestleiar mellom alderspensjonistane.
  
4. Eldrerådet skal ha til handsaming alle saker som kan påverka levevilkåra for eldre. Dette gjeld m.a.:

  • Årsbudsjett/økonomiplanar
  • Kommuneplanar (også kommunedelplanar som kan påverka levekåra for eldre)
  • Tiltak og planar i helse- og sosialsektoren
  • Eigenbetling og gebyr for kommunale tenester
  • Bustadprogram og reguleringsplanar
  • Samferdselssaker og kommunikasjonsplanar
  • Kulturtiltak og andre kommunale tiltak som gjeld eldre
      

5. Eldrerådet avgjer sjølv om, og i tilfelle på kva måte, saker dei får oversende skal takast opp til realitetsbehandling. 
     
6. Kommunen har plikt til å organisera høveleg sekretærhjelp for eldrerådet (lova § 4, første avsnitt). Rådmannen avgjer korleis dette sekretariatet skal organiserast. Eldrerådet skal seia si meining før vedtak om organisering vert gjort. 
  
7. Eldrerådet kan gje leiaren eller sekretæren fullmakt til å gjera vedtak på vegne av rådet i saker som ikkje er av prinsipiell natur, og til å avgjera at ei sak ikkje skal realitetsbehandlast (jf. pkt. 5 ovanfor).  
  
8. For saksbehandlinga i eldrerådet gjeld følgjande:

  • 8.1 Eldrerådet skal ha sakene til uttale så tidleg at rådet kan ha ein reell innverknad på resultatet. Dette medfører i praksis at eldrerådet skal uttala seg om sakene før rådmannen drar sine endelege konklusjonar og utformar framlegg til vedtak.
  • 8.2 Det er ansvarleg saksbehandlar som har ansvaret for at saker som eldrerådet har rett til å uttala seg om, vert oversende rådet.
  • 8.3 Det kan setjast frist for tilbakemelding frå eldrerådet. Fristen skal som hovudregel ikkje setjast kortare enn tre veker. Skulle rådet ha bruk for meir tid til si saks­behandling, bør dei få dette dersom ikkje sterke grunnar talar mot. 
  • 8.4 Det skal lagast eigne saksutgreiingar til eldrerådet. Denne vil normalt vera like­lydande med den endelege saksutgreiinga, men utan endelege konklusjonar og framlegg til vedtak. Det er viktig at ulike løysingar vert drøfta, og at konse­kvensane vert vurderte (reglane om fullført saksbehandling gjeld såleis ikkje for eldrerådet, jf. kap. 3.5 i "Rutinar for kommunal saksbehandling"). 
  • 8.5 Plandokument skal oversendast eldrerådet slik dei ligg føre, med eit kort samandrag av hovudprinsippa i dokumentet.
  • 8.6 Eventuelle merknader og framlegg frå eldrerådet skal innarbeidast i den endelege saksutgreiinga, og skal vera med i grunnlaget for den endelege konklusjonen.
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering