Undervisningstilbod i Bømlo Kulturskule

Korpsmusikantar - Klikk for stort bilete

Undervisningstilbod Bømlo kulturskule held til i flotte lokalar i Bømlo kulturhus. Med eigne øvingsrom for instrumentalopplæring, dansesal og black box-teater ligg tilhøva godt til rette for undervisninga. Kulturskulen har totalt om lag 500 elevar. 


Kulturskulen føl skuleruta i Bømlo.


Elev er innmeldt for heile skuleåret og må betala for heile skuleåret, sjølv om eleven sluttar før skuleåret er slutt, sjå retningslinjene pkt 3.8. 


Oppseiing av plass må gjerast skriftleg til bmok@bomlo.kommune.no før nytt skuleår tek til (innan 1. august).


Bømlo Kulturskule visar elles til retningslinjene, som elevar og føresette må vera kjende med før søknad til Kulturskulen.


 

*Instrumentalopplæring

Bømlo kulturskule tilbyr instrumentalopplæring på følgjande instrument:

  • Strykeinstrument
    Ein treng ikkje å kunna lesa noter når ein startar med undervisning. Nedre aldersgrense er året før skulestart. Kulturskulen har nokre instrument til leige. Det vert undervist både i gruppe og enkeltundervisning.
    Meir informasjon >>>
  • Messinginstrument
  • Treblåseinstrument
  • Slagverk

Opplæringa i messing-, treblåsinstrument og slagverk er knytta opp til skulekorpsa i kommunen.

 

*Vokal

Bømlo kulturskule tilbyr vokalundervisning i mange ulike sjangrar. Nedre aldersgrense: 5. klasse.

 

*Tilrettelagt musikkundervisning/Tilrettelagt kunstundervisning

Dette er eit tilrettelagt tilbod for born og unge med ulike former for lærevanskar. Ta kontakt for nærare opplysningar, samtale om behov og vurdering for opplæring.

 

*Visuell kunst

Med dette tilbodet får elevane opplæring i elementære teknikkar gjennom praktisk arbeid. Ved å stimulera borna sin kreativitet og fantasi skal dei motiverast til å utvikla sitt eige biletspråk.

Les meir om visuell kunst  >>>

 

*Teater

Teatertilbodet vert gjeve i grupper frå 1. klasse.

Les meir om teater  >>>

 

*Dans

Tilbodet tek sikte på å utvikla elevane innafor kreativ dans.

Les meir om dans  >>>



Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering