Retningslinjer for Bømlo Kulturskule

Kulturskulen skal følgja grunnskulen si skulerute.
 

1.

Søknad

1.1.

Søknad om påmelding skal vera skriftleg, og søknaden gjeld for heile skuleåret.
Søknadsskjemawww.bomlokulturskule.no
 

1.2.

Nedre aldersgrense for søknad:

Dans: Året før skulestart
Visuell kunst: Frå 1. klasse
Strykeinstrument: Året før skulestart
Piano, gitar, blåseinstrument: Frå 3. klasse
 

1.3.

Når eleven får plass i Kulturskulen vert elev/føresette kontakta av lærar for faget.
 

1.4.

Eleven har plass i Kulturskulen til skriftleg utmelding ligg føre. Eventuell oppseiing må skje før oppstart av nytt skuleår (innan 1. august).

 

2.

 

Forventningar til eleven og heimen

2.1. Alle som får undervisning må vera viljuge til å øva regelmessig. Føresette kan avtala med læraren om å få vera med i timane for å hjelpa dei unge betre.
 
2.2. Eleven har plikt til å møta vel førebudd og presis til timane. Fråver skal meldast til lærar eller rektor.
 
2.3. Ved stadig fråver utan grunn, vantande interesse og av disiplinære grunnar, kan lærar i samråd med rektor og/eller føresette nekta eleven undervisning.
 
2.4. Pianoelevar må disponera piano for øving mellom undervisningstimane.
 
2.5.

Føresette må rekna med ei viss ekstra deltaking i samband med huskonsertar, ut­stillingar, framsyningar, arrangement o.l. Det kan og verta aktuelt med deltaking i tverrfaglege prosjekt.

 

3.

Betaling

3.1. Ved sjukdom eller andre tvingane grunnar kan Kulturskulen avlysa under­visning inntil 2 gonger i semesteret dersom ein ikkje kan skaffa vikar. Dersom fleire timar fell vekk er skulen forplikta til å gje desse timane att seinare i skuleåret, eventuelt redusera elev­kon­tingent­en tilsvarende.
 
3.2. Kulturskulen har nokre strykeinstrument som det er høve til å leiga.
 
3.3.

Stryke-elevane har fellestimar forutan enkelt-timar. Fellestimane utgjer ein ekstra kontingent, men med 30% rabatt eller 40% rabatt avhengig av andre elevplassar i familien.


 

3.4. Elevar kan få tilbod om fordjuping i fag. Dersom elev har fordjupingsplass utgjer dette ein ekstra kontingent, men med 30% eller 40% rabatt avhengig av andre elevplassar i familien.
 
3.5. Elevane må sjølve kjøpa det notemateriell som dei får bruk for.
 
3.5. Elevane må sjølve kjøpa utstyr/materiale knytt til biletkunst, dans og drama.
 
3.6. Danseelevar må ha nødvendig utstyr (klær, sko) etter råd frå lærar.
 
3.7. Om ein elev meldar seg ut av Kulturskulen i løpet av skuleåret, må eleven likevel betala full avgift for heile skuleåret.
 
3.8. Brukarbetalinga vert fakturert 2 gonger i året, med 50% kvar gong.
 
3.9. Brukarbetalinga vert indeksregulert i januar kvart år.
 
3.10.

Brukarbetaling for Bømlo Kulturskule gjeldande frå 01.01.2017:

  Fullpris 1 elev (tilbod nr. 1) kr. 3.450,-
Rabatt, 30%, 1. sysken/fleire tilbod (tilbod nr. 2) kr. 2.415,-

Rabatt, 40%,  2. sysken/fleire tilbod (tilbod nr. 3)

kr. 2.070,-


3.11.


Det vert gjeve moderasjon for søsken og for fleire aktivitetar. Rabatt vert gjeve slik:

  • Dersom ein familie har fleire elevar i Kulturskulen er det slik at første elev betalar full pris (tilbod nr 1), neste elev får rabatt (tilbod nr. 2) og tredje elev får ytterlegare rabatt (tilbod nr. 3). Er det meir enn tre elevar frå samme familie så får også dei samme rabatten som tredje elev.
     
  • Dersom ein elev i ein familie går på fleire tilbod i Kulturskulen (t.d. piano, dans, kunst) så får eleven rabatt som om det skulle vera fleire elevar frå samme familie. Derved betalar eleven ein stk. full pris (tilbod nr. 1), ein stk. rabattert pris (tilbod nr. 2) og ein stk. rabattert pris (tilbod nr. 3).

3.12.

Prisar gjeldande frå 01.01.2017:
  Instrumentleige, pr. år kr. 825,-
  Materiellutgifter kunst, pr semester kr. 185,-
  Sal av tenester til det frivillige kulturlivet, pr. time (45 min.) kr. 260,-

 



 

Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering