Visuell kunst i Kulturskulen

Med dette tilbodet får elevane opplæring i elementære teknikkar gjennom praktisk arbeid. Ved å stimulera borna sin kreativitet og fantasi skal dei motiverast til å utvikla sitt eige biletspråk.


Elevane er delt i grupper etter alderen, og me arbeidar i eit stort og lyst lokale i Bømlo Kulturhus. Det vert undervist i teikning, maling, tekstil, grafikktrykk, 3-dimensional form, og animasjon.I fint ver arbeidar me ofte utandørs. Det blir arrangert besøk på verkstader og kunstutstillingar, og elevarbeid blir presentert på to årlege fellesutstillingar; i januar og i juni.

Fordjuping vert avtalt mellom lærar og elev.
Dersom elev har fordjupingsplass utgjer dette ein ekstra kontingent, men med 30% eller 40% rabatt avhengig av andre elevplassar i familien.
 

Kulturskulen tilbyr også undervisning til funksjonshemma elevar der det blir arbeida med den kreative prosess som ein viktig kommunikasjonsmetode - eit nonverbalt språk.

Kunstterapi er eit tilbod til elevar som har ekstra utfordringer i kvardagen. Metoden brukar forskjellige kreative verktøy - m.a. teikning og maling, forming i leire, skriving, enkle kroppsbevegelser, musikk, rollespel og emosjonell- og atferds trening. Øvelsene er ressursbyggjande, med fokuset på å auke barnas sjølvtillit, etablere gode rutiner og skape ein trygg identitet. Det vert arbeida individuelt over ein avtalt periode.


Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering