Meir informasjon om barnehageplass

 

Kva dato du leverer søknaden påverkar ikkje hovudopptaket.

Du kan søkje plass hele året, men til hovudopptaket i  2019 er søknadsfristen til hovudopptaket 1.april Dei plassane som då vert fordelt er med oppstart frå 15.august.

Lovfesta rett til barnehageplass:

Lovfesta rett til barnehageplass ved hovudopptaket 2019 tyder:

  • Barnet må vera fylt ett år innan utgangen av november 2019
  • Det må vera søkt om plass innan 1.april 2019
  • Barn som fyller eitt år innan august 2019 har rett til plass i barnehage innan 31.august 2019 har rett til plass i løpet av august månad
  • Barn som fyller eitt år i september, oktober og november 2019 har rett til å få plass innan den månaden dei fyller eitt år.

Prioritet

Einskilde barn har etter lova, rett til prioritet.

  1. Barn med nedsett funksjonsevne knytt til §13 i Lov om barnehagar for å få prioritet må de levera inn dokumentasjon som t.d: skriftleg attest frå lege/psykolog, logoped, PP-teneste og/eller sosiale medisinske institusjonar.
  2. Barn som er omfatta av §§ 4-4 andre og fjerde ledd og 4-12 i lov om barneverntenester. Krav til dokumentasjon: Vedtak frå barneverntenesta.

Presisering:

  • For å ha rett på plass må det må vera søkt om barnehageplass innan 1.april 2019

 

Dokumentasjon kan lastast opp i den elektroniske søknaden, eller du kan senda denne til:  Bømlo kommune v/rådgjevar oppvekst, Leirdalen 1, 5430 Bremnes

I dei ulike barnehagane sine vedtekter vil du finna meir informasjon om kva barn som kan få prioritet i dei ulike barnehagane. Vedtektene vil du finna på dei ulike barnehagane sine nettsider.

Pris:

Maksimalpris for ein barnehageplass er sett til kr 2990,- per månad. Kostpengar kjem i tillegg. Nokre barnehagar i Bømlo har lågare pris enn dette. Sjå barnehagane sine nettsider.

Moderasjon:

Bømlo kommune føl nasjonale ordningar for moderasjon. Søskenmoderasjon vert berekna automatisk og dette treng de ikkje søkja om.

Redusert foreldrebetaling:

Denne ordninga må du sjølv søkje og søknaden vert handsama ut frå hushaldet si samla inntekt. Informasjon om denne ordninga finn du i den elektroniske portalen og her: https://www.bomlo.kommune.no/tenester/barn-og-familie/barnehagar-i-bomlo/

Inn til vidare søkjer foreldre plass som før. Etter kvart vil ein kunne søkje i Vigilo.

Kriterie og vilkår

Bømlo kommune har hovudopptak, supplerande opptak. Dersom du ønsker ein anna barnehage enn du har no, må du seie opp plassen der barnet går og søkje på nytt i ønska barnehage i portalen.

Hovudopptak:

Barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av august har rett til barnehageplass innan utgangen av august det året det fyller eitt år.

Barn som fyller eitt år i september, oktober eller november har rett til plass i barnehage frå den månaden barnet fyller eitt år.

For å ha rett til plass må følgjande kriterie vera innfridd:

  • Barnet har ikkje barnehageplass
  • Barnet fyller eitt år innan utgangen av 30.november
  • De har søkt innan fristen 1.april
  • Det er også opna for at barn som fyller eitt år i september – oktober – november, kan starte tidlegare i barnehage, dersom barnehagen har ledig plass.

Dersom det ikkje er ledig plass i nokon av barnehagane du har søkt, vil du kunne få tilbod om plass i ein anna barnehage.

Retten til plass er innfridd når du mottek plass i ein barnehage i bustadkommunen.

 

Korleis søkje:

Du søker elektronisk og må registrera eigen søknad for kvart barn. Du kan søkje inntil tre barnehagar. Før du søkjer kan det vera lurt å sjekka barnehagane sine vedtekter som gir informasjon om t.d. opptakskrets, opptakskriterie, ferie, oppseiing, pris og åpningstider. Desse finn du på dei einskilde barnehagane sine nettstader og i den elektroniske portalen.

Du kan søkje plass heile året, men for å få retten til plass oppfylt i august må du ha søkt innan 1.april. Du vil få stadfesting på e-post, eller sms når søknaden er mottatt.

Venteliste: Barnet står på venteliste til dei barnehagane de har valt frå du har motteke stadfesting på søknaden.

Plassering på venteliste vil vera avhengig av tal søkjarar til barnehagen, samt tal søkjarar med rett til prioritet.

Søknader vert fjerna frå ventelista dersom:

  • Du sjølv sletter søknaden
  • Du får tilbod om plass i ønska barnehage nr 1
  • Du får tilbod om barnehageplass og ikkje registrerer at du vil stå vidare på ventelista
  • Du ikkje svarer på tilbodet om plass

Dersom de takkar ja til å stå vidare på venteliste i val nr 2 eller 3, så er dette til supplerande opptak og ikkje hovudopptak.

Tilbod om plass vert sendt ut via Altinn, SMS eller digital postkasse.

Dersom du ikkje har teke i mot tilbod om digital postkasse vil du inntil vidare motta tilbodsbrev via Altinn. Dersom du ikkje les brevet innan to dagar vert brevet sendt til deg i vanleg papirpost.

Oppseiing

Det kan vera ulik oppseiingstid i dei ulike barnehagane. Les meir i vedtektene til dei einskilde barnehagane.

 

Klage:

Du kan klage eller be om ei skriftleg grunngjeving dersom de verken har fått første eller andre ønske i hovudopptaket. Dette gjeld ikkje supplerande opptak. Du finn meir informasjon om dette i tilbodsbrevet.

 

 

Publisert av Stian Olderkjær. Sist endra 15.02.2019
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering