Barn med særskilte behov

Kommunen har plikt til å oppfylla retten til spesialpedagogisk hjelp, teiknspråkopplæring og tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne.

Spesialpedagogisk hjelp etter §19a i barnehagelova

 

 

Generelt
Foreldre kan søkja om spesialpedagogisk hjelp til barn med plass i barnehage eller som er heime. Hjelpa kan fysisk knytast til barnehagar, sosiale og medisinske institusjonar og liknande, eller hjelpa kan organiserast som eigne tiltak. Hjelpa kan også gjevast av PPT eller ein annan sakkunnig instans.

Målgruppe
Barn under opplæringspliktig alder som har særlege behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp. Hjelpa skal også omfatta tilbod om foreldrerådgjeving.


Kriterium/vilkår
For å ha rett til spesialpedagogisk hjelp, må det liggja føre ei positiv Sakkunnig vurdering (Barnehageloven § 19 d) frå Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT). Denne vurderinga må visa om barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp, og kva for hjelp som bør gjevast.


Rettleiing:
Barnehagen vil også hjelpa foreldre/føresette i samband med evt. kontakt med PPT.
Foreldre/føresette kan også kontakta PPT direkte dersom dei meiner at barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp.
For evt. barn som ikkje har vore i barnehage, vil PPT så sant dei kjenner til barnet, syta for at sakshandsamar ved Utviklingsgruppa får nødvendige opplysningar.
Søknadene frå barnehagane vert deretter sendt samla over til Bømlo kommune.


Saksbehandling
Rådgjevar oppvekst som handsamar desse sakene ved, vil deretter (til vanleg i april / mai) gjera vedtak om evt. tildeling for samtlege førskulebarn. Melding om vedtaket vert sendt til kvar einskild søkjar og med kopi til aktuell barnehage.


Høve til å klage
I svarskrivet frå kommunen vil det verta gjeve nærare opplysningar om evt. klagerett, då det er Fylkesmannen i Hordaland ved Utdanningsavdelinga som er klageinstans for desse sakene. Generell informasjon om innsyns- og klagerett

Melding om behov for spesialpedagogisk hjelp finn du i menyen til høgre.

Tilrettelagt barnehagetilbod for barn med nedsett funksjonsevne etter §19g i barnehagelova

Generelt:
Kommunen skal sikra at barn med fysisk, psykisk og kognitiv funksjonsnedsetting får eit eigna indidviduelt tilrettelagt tilbod i kommunen dei bur i. Dette er for at dei skal kunna gjere seg nytte av barnehageplassen.


Målgruppe:
Barn under opplæringspliktig alder som går i barnehage og som ikkje får dekka behova sine gjennom dei generelle tilretteleggingskrava til barnehagen.


Kriterie/vilkår:
Kommunen må ha tilstrekkeleg informasjon for å kunna gjera vedtak, slik at saka vert så godt belyst som mogeleg. Det kan difor bli aktuelt å innhenta informasjon frå helsetenester eller andre sakkunnige instansar. Vurderinga vert gjort i kvart einskild tilfelle.


Rettleiing:
Skjema for Melding om behov for individuelt tilrettelagt barnehagetilbod, finn de på høgre side i menyen og barnehagen kan bistå med å fylla ut denne. Meldinga skal sendast til Bømlo kommune.


Saksbehandling
Rådgjevar oppvekst som handsamar desse sakene ved, vil deretter (til vanleg i april / mai) gjera vedtak om evt. tildeling for samtlege førskulebarn. Melding om vedtaket vert sendt til kvar einskild søkjar og med kopi til aktuell barnehage.


Høve til å klage
I svarskrivet frå kommunen vil det verta gjeve nærare opplysningar om evt. klagerett, då det er Fylkesmannen i Hordaland ved Utdanningsavdelinga som er klageinstans for desse sakene.

 

Publisert av Stian Olderkjær. Sist endra 15.02.2019
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering