Skule og oppvekst
Skulestart2015_lærardag.jpg
(23.01.2020)

Det er 10 grunnskular, vaksenopplæring, alternativ skulearena, 2 vidaregåande skular og ein folkehøgskule i Bømlo, samt kulturskule. Dei vidaregåande skulane er fylkeskommunale, folkehøgskulen er privat. Bømlo Opplæringskontor tilbyr service, råd og rettleiing til lærlingar og lærlingeverksemder. Bømlo kommune er medlem, og Opplæringskontoret held til i rådhuset.

 

Bømlo Opplæringskontor

 

Infoskriv til foreldre ved gjenopning av skular 08.05.20 (PDF, 155 kB)

 

Born og unge som er heime

 

Hermine (13) spør Helsedirektoratet om koronaviruset 

 

I den kommunale grunnskulen, frå 1.-10. trinn, er det ca 1750 elevar. Kommunale satsingsområde er god leseopplæring og godt læringsmiljø.  

 

Barne-og familetenesta og barnehagane i Bømlo finn ein under Barn og familie.

 

Sida Fellesinformasjon inneheldt lenker med informasjon som gjeld for alle grunnskulane i Bømlo. Kvar skule har informasjon som gjeld for eigen skule. På SFO sida finn ein felles kommunal informasjon om SFO, men her vil ein ofte velje å kontakta den einskilde skule når det gjeld spesifikke SFO spørsmål.  

 

Fritidstilbod finn ein på sida Kultur og idrett. Kulturskulen har eiga nettside saman med grunnskulane.

 

Nytt om trygt og godt skulemiljø:

Grunnskulane i Bømlo har no fått ein  knapp på nettsidene sine kalla "Meld frå om skulemiljø". I august 2017 trådte endringar i Opplæringslova 9A i kraft. Skulane har fått ei aktivitetsplikt for å sikra at elevane har eit trygt og godt skulemiljø. Aktivitetsplikta har 5 delplikter:

  1. Plikt til å følgje med.
  2. Plikt til å gripe inn.
  3. Plikt til å varsle.
  4. Plikt til å undersøkje.
  5. Plikt til å setje inn tiltak.  

Dersom elevar, føresette, tilsette eller andre på skulen avdekkjer at ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen, kan ein no nytte denne knappen for å melde frå om det.
 

Julegudsteneste Bremnes kyrkje
(30.11.2016)

Det har i Bømlo vore lang tradisjon for at skulane deltek på skulegudsteneste i tida før jul. Julehøgtida er historisk tett knytt til kristendommen, og i skulegudsteneste i kyrkjene møter elevane denne kulturarven i eit religiøst arrangement. 

Gøystafett2016
(18.05.2016)

Årets Gøydag, den 5. i rekka, vart arrangert tidlegare denne månaden på Sentralidrettsanlegget. Om lag 150 2. klasse-elevar og 50 elevar frå ungdomstrinnet ved BUS deltok. Det var elevar med valfaget «Innsats for andre» som hadde ansvaret for gjennomføringa av dagen. 

Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering