Samarbeid heim-skule

Ved Foldrøy skule har me to storforeldremøte kvart år. På haustmøte er tema bestemt av skulen. På vårmøte er temaet bestemt av FAU. Kvar elevgruppe har minst to klasseforeldremøte pr. år. Klasseforeldremøta er førebudde av kontaklærar og klassekontaktar.


Elevsamtalar
Dei føresette vert minst 2 gonger pr. skuleår innkalt til samtale med lærar og elev. Samtalen er førebudd frå elev og føresette. Kontaktlærar lagar ein skriftleg rapport til møtet. Grunnlaget for rapporten er utviklingssamtalane og dei mål elevane, lærar og føresette har sett opp.

Forventningar til heimen
Me forventar at heimen viser interesse for skulen og skulearbeidet og at ein tar kontakt dersom noko er uklart eller om det dukkar opp problem. Slik kan me rydda bort ting som kanskje elles vil forstyrra den gode skuledagen. Me ventar at de møter opp på skulen sine arrangement og at de snakkar positivt om skulen.

Arbeidsplan
Kvar elev skal ha ein arbeidsplan for ein periode.
Arbeidsplanen skal innehalda mål for kvart fag.
Planen skal gje forslag til korleis elevane kan arbeida for å nå måla. Det er ei målsetjing at elevane skal ha ulike metodar å velja mellom i arbeid og i presentasjon av stoffet. Arbeidsplanen skal og innehalda ein del der arbeidsplan vert vurdert.
Det er plass til tilbakemelding frå eleven, læraren og føresette.

Vegleiing skal hjelpa kvar elev til å finna ut korleis han eller ho skal arbeida for å nå sine kunnskapsmål. Kunnskapsløftet krev at elevane skal visa kva dei har lært, ikkje berre kor mange oppgåver dei har løyst. 


Aktivitetsplan
Kvart halvår vert det utarbeidd aktivitetsplan for skulen. Denne inneheld:

  • Aktivitetar i dei ulike årstega
  • Møte
  • Foldrøy Forum arrangement
  • Vis Time
  • Bassengtimar for dei ulike elevgruppen

Oversikt over desse aktivitetane og fleire vert sendt ut til heimen kvart halvår på aktivitetsplanen til Foldrøy skule. 



 

Publisert av Linda Mari Wilhelmsen. Sist endra 07.06.2018
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering