Helsesjukepleiar

Helsesjukepleiar på Foldrøy skule er Merethe Solås. Ho er her på torsdagar i oddetalsveker. Då kan ho treffast frå 08.30 - 11.30 på datarommet.

 

Arbeider for å fremja helsa og trivnaden til eleven, gode sosiale og miljømessige tilhøve og forebyggja sjukdom og skade

  • Vil saman med skulen, foreldre  og andre arbeida for eit godt skulemiljø
  • Er tilgjengeleg for elevane, føresette og skulen sitt personell på område som vedkjem helse og trivnad
  • Har samtale med eleven(-ane) individuelt og i grupper for å bevisstgjera dei på korleis ein kan ta vare på eiga helse både fysisk, psykisk og sosialt
  • Kartleggja helsa og trivnaden til eleven
  • Medverka til løysing av eventuelle vanskar, saman med eleven, føresette, skulepersonell og andre i hjelpeapparatet
  • Føl opp vaksinasjonsprogrammet
  • Kan ikkje gje personlege opplysningar vidare utan vedkomande sitt samtykke

 

Innhaldet i skulehelsetenesta i Bømlo:

Året før skulestart: 
Helseundersøking ved lækjar og helsesøster.


2. klasse:
Vaksine mot polio, difteri, stivkrampe og kikhoste.


3. klasse:
Vekt og høgdemåling. Individuelle samtale med helsesøster med utgangspunkt i spørjeskjema.


1.,2.,4 og 5. kl.:

Oppfølging av enkeltelevar.


5.klasse:

Gruppesamtalar


6. klasse:
Vaksine mot meslingar, raude hundar og kusma.


7. klasse:
Vaksine mot Hpv for jenter
Gruppesamtalar og/eller individuelle samtalar.

 

 

De kan ta kontakt med Merethe på tlf.: 93 69 81 62 / 53 42 32 18 eller epost: merete.solaas@bomlo.kommune.no 

Publisert av Linda Mari Wilhelmsen. Sist endra 13.09.2019
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering