Foreldrekontaktar - Gilje skule

Foreldrekontaktane (klassekontaktane) er kontaktleddet mellom foreldra i gruppa/klassen og Foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU), og dei er bindeleddet mellom foreldra i gruppa og kontaktlæreren/ skulen. Foreldrekontaktane er viktige foreldrerepresentantar i skulen. Det vert gjerne valt to i kvar gruppe.

Foreldrekontaktane sine oppgåver:

  • Opprettehalda god kontakt med alle elevar og foreldra i gruppa og ivareta deira interesser
  • Planleggja foreldremøta saman med kontaktlæraren
  • Leggja fram saker som FAU vil høyra foreldra si meining om
  • Vurdera kva foreldra kan gjera for å utvikla eit godt miljø i gruppa
  • Sørgja for at nye foreldrekontaktar blir valt og at desse blir informert om sine oppgåver 

 

Å bruke tid på skulegangen til barna er ei svært god investering. Det er viktig for barnet å sjå at foreldra interesserer seg for skulen. Forsking viser at ei positiv interesse hos foreldra for skulegangen til barna har meir å seie for barnas utbytte av skulegangen enn noko anna.
 


Som foreldrekontakt har du ein god sjanse til å vere med på å påverke innhaldet i skulen. Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) håper at heftet  ABC for foreldrekontakter kan bidra til å gjere arbeidet som foreldrekontakt morosamt, lærerikt og meiningsfylt. FUG oppfordrar foreldre til å melde seg som foreldrekontaktar og engasjere seg i samarbeidet med skulen. Lykke til med eit viktig verv!

Foreldrekontaktar ved Gilje skule for skuleåret 2018/2019 er:

Gilje skule, Foreldrekontaktar
KlasseForeldrekontaktar 
1.Inga Marie Tverborgvik og Arnfinn Norheim
2.Kathrine Agasøster Holme og Hege Sønstabø Alvsvåg
3.Hilde Mæland og Lene Mæland
4.Kari A. Mæland og Miriam Amundsen
5.Hege Sønstabø Alvsvåg
6.Anne Norheim, Anne Merethe Selle og Ida Sortland Schive
7.Elisabeth Selle og Ida Frimannslund

 



 

Publisert av Liv Marit Notland. Sist endra 09.07.2018
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering