FAU (Foreldra sitt arbeidsutval) - Våge skule

Foreldreråd og FAU

Alle foreldre som har barn på grunnskolen er automatisk medlemmer av foreldrerådet. Foreldrerådet velger et foreldrearbeidsutvalg (FAU) som fungerer som et "styre" for foreldrerådet.

 

I Opplæringslova § 11-4 heiter det:
På kvar grunnskule skal det vera eit foreldreråd der alle foreldre som har barn i skulen er medlemmer. Foreldrerådet skal fremja fellesinteressene til foreldra og medverka til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skapa eit godt skulemiljø. Foreldrerådet skal arbeida for å skapa eit godt samhald mellom heimen og skulen, leggja til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skapa kontakt mellom skulen og lokalsamfunnet.

 

Foreldrerådet vel eit arbeidsutval (FAU). Arbeidsutvalet vel to representantar med personlege vararepresentantar til samarbeidsutvalet (SU). Leiaren for arbeidsutvalet skal vera den eine av representantane.

 

FUG har laga materiell for foreldre som innehar tillitsverv i skulen:

 

 

Arbeidsområde for FAU

  • Informera og høyra alle foreldre om aktuelle saker
  • Samarbeida med Elevrådet, SU, SMU, ektor og lærarar
  • Ta initiativ til sosiale aktivitetar for elevane og foreldre
  • Uttala seg om relevante saker frå kommunen eller skulen, til dømes ordensreglement
  • Skapa kontakt mellom skulen og lokalsamfunnet

Ved Våge skule vert det valt nye medlem til FAU kvart skuleår. Kvar klasse er representert med to foreldrerepresentantar som er dei same som klassekontaktane i kvar klasse. Medlemma sit i FAU i 2 år.

 

Verv i FAU skuleåret 2020/21:

 

Leiar:  Vanja Espeland

 

Nestleiar:   Lillian Thorsen

 

Kasserar:  Glenn Atle Larsen

 

Sekretær:   Marion Olson

 

SU-representant: Vanja Espeland og Lillian Thorsen

Publisert av Inger Johanne Sele. Sist endra 12.10.2020
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering