Rådgjevar

Randi Totland er rådgjevar. Ho kan hjelpa til i samband med vidaregåande utdanning. 10.klassingane får brosjyrar og hefte om dei vidaregåande utdanningane, og personleg rettleiing og hjelp til utfylling av søknader.   

Rådgjevar samarbeidar med vidaregåande skular når det gjeld elevar som får/kan få særskild hjelp. Ho følgjer også opp tidlegare elevar som ber om hjelp. 

 

Søknad til vidaregåande skule:

  • Hovudprosessen fram mot eleven sine val til vgs, føregår i Utdanningsvalfaget.
  • Treng elevane individuell informasjon, støtte og rettleiing i prosessen med å velja, er rådgjevar ein stad å søkja hjelp. Eleven kan komma åleine eller ha med føresette. Ta kontakt for å gjera ein avtale. De er alle velkomne.
  • Det vert gjennomført foreldremøte ca. i midten av januar.

Søknadsfristar til vgs:

  1. februar:
    1. for søkjarar med fortrinnsrett
    2. søkjarar til individuell behandling
    3. Minoritetsspråklege søkjarar
  1. mars: for ordinære søkjarar.  

 

https://lovdata.no/forskrift/2006-06-23-724/§22-3

https://lovdata.no/lov/1998-07-17-61/§3-1

https://lovdata.no/forskrift/2006-06-23-724/§6-3

 

 

Randi Totland

Rådgjevar ved Bremnes ungdomsskule  

Telefon nr. 53 42 35 24

E-post: Randi.Totland@bomlo.kommune.no

Publisert av Beate Stautland. Sist endra 05.09.2017
Fant du det du leitte etter?
Kommunale tenester (1)
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering