Sterk&Klar

Sterk & Klar - Klikk for stort bilete

Bremnes ungdomsskule og Sterk&Klar har eit samarbeid i lag der dei brukar Sterk&Klar-programmet ovanfor foreldre/føresette som har barn som startar på 8. klassetrinn, og det vedvarar i alle dei tre ungdomsskuleårane. 

 

Sterk&Klar programmet er utvikla med tanke på å støtte og veglede foreldre i arbeidet med å forhindra at barna skal komma for tidleg i kontakt med alkohol. Gjennom Sterk&Klar ynskjer vi å gjere foreldre bevisste på sin funksjon som rollemodell og sine moglegheiter til å påverke sine barns val.

 Foreldremøta har følgjande tema:

  • 8. klasse  : Grensesetting og foreldresamarbeid   - treff 1
  • 8. klasse  : Unges debutalder og foreldrerollen     - treff 2
  • 9. klasse  : Ros, positivt fokus og foreldrerollen   - treff 3
  • 10. klasse: Meistring, sjølvtillit og foreldrerollen  -  treff 4

De kan lesa meir om Sterk&Klar her

Publisert av Beate Stautland. Sist endra 09.03.2016
Fant du det du leitte etter?
Kommunale tenester (1)
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering