Leksehjelp

Leksehjelp tirsdagar kl. 08.00 - 09.00 og onsdagar kl. 13.45 - 14.45.

GRATIS LEKSEHJELP

 Bømlo kommune gjev tilbod om gratis leksehjelp til elevar på 4., 5., 6., og 7. trinn. Dette er i samsvar med  

 

Forskrift til opplæringslova § 1A-1. Leksehjelp i grunnskolen:
Kommunen skal tilby leksehjelp, jf. opplæringslova § 13-7a, med til saman åtte timar kvar veke til elevar i grunnskolen. Dei åtte timane fordelast fritt på årstrinna slik kommunen avgjer. Formålet med leksehjelpa er å gi eleven støtte til læringsarbeidet, kjensle av meistring og gode rammer for sjølvstendig arbeid. Leksehjelpa skal og medverke til å utjamne sosial ulikskap i opplæringa.


Leksehjelpa er ikkje ein del av opplæringa til eleven, men skal sjåast i samanheng med opplæringa. Leksehjelpa skal gi eleven hjelp med skolearbeidet.


Kommunen er ansvarleg for leksehjelpa og vel korleis leksehjelpa skal organiserast.


Kommunen pliktar å informere foreldra om retten til leksehjelp og tilbodet som gis.


Kommunen pliktar å sørgje for at elevane har eit godt psykososialt miljø i leksehjelpa som fremjar helse, trivsel og læring. Dersom ein tilsett har kunnskap eller mistanke om at eleven sin rett ikkje blir oppfylt skal den tilsette undersøkje saka, varsle kommunen og om nødvendig og mogleg sjølv gripe inn. Eleven og foreldre kan be om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet. Kommunen pliktar snarast mogleg å behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Dersom vedtak ikkje er fatta innan rimeleg tid kan eleven og foreldre klage som om vedtak vart fatta.


Kommunen pliktar å sørgje for forsvarleg tilsyn med elevane i leksehjelpa. Gruppa må ikkje vere større enn det som er trygt og pedagogisk forsvarleg.

Leksehjelpa skal vere gratis for eleven. Dersom leksehjelpa blir organisert som ein del av skolefritidsordninga, kan kommunen ikkje ta betalt for den tida eleven mottek leksehjelp etter denne føresegna. Dette gjeld og for elevar som ikkje deltek i skolefritidsordninga elles.

 

0

Tilføyd ved forskrift 30 juni 2010 nr. 1046 (i kraft 1 aug 2010). Endra ved forskrift 13 juni 2014 nr. 890 (i kraft 1 aug 2014).

 

Av dette følgjer:

  • Leksehjelp er frivillig, men elevane skal ha rett til å delta
  • Det er ikkje ein eigen rett til skuleskyss knytt til leksehjelptilbodet
  • Elevar og foreldre som ønskjer tilbodet forpliktar seg til å delta for resten av skuleåret (inngått avtale om leksehjelp må ev. seiast opp med skriftleg melding frå føresette)
  • Om elevane skal ha fri frå leksehjelpa må heimen levere melding om dette
  • Skulen sitt ordens- og åtferdsreglement gjeld også for leksehjelptilbodet
  • Leksehjelparane vil i hovudsak vere assistentar
  • Gruppestorleik vil normalt vere på maks. 15 elevar pr. vaksen

 

Med helsing Bømlo kommune / Hillestveit skule

…………………………………………………………………………………………………………………………………………………………

 

 

SØKNAD OM LEKSEHJELP

 

 

Eg/me ønskjer leksehjelp for ____________________________________________________

                                                                                              elevnamn

 

 

som går i ………….klasse og på ……………………………………………………..skule, skuleåret 2017/2018.

 

 

 

 

Føresette:………………………………………………………………………………………………………………………………..

                                   (Underskrift)

 

Publisert av Elin Eidesvik. Sist endra 12.08.2020
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering