Skulen vår

Trolla våre Brakar, Trollaug og Siggjulf ønskjer oss velkommen til Våge skule. Alle på skulen vår er godt kjent med desse vennene våre, og veit kvifor dei møter oss i porten.

Våge skule - ein Zero skule.


Slagordet ”DET ER LOV Å BRY SEG ” – vart født etter eit godt samarbeid i bygda mellom skulen og andre fritidsorganisasjonar. Plakaten ”Det er lov å bry seg” inneheld 10 reglar for god framferd.


Etter dette vart Våge skule  ein  ZERO skule – eit utviklingsprosjekt i samarbeid med Adferdssenteret  i Stavanger. Skulen og FAU  arbeide saman i prosjektet. Zero – trolla saman med ”Handlingsplanen mot mobbing” vart eit resultat etter prosjektet, og gode verktøy for elevar og lærarar. Handlingsplanen og Zero trolla er framleis aktivt i bruk.


I 2003 inviterte me kongehuset til å avduka Zero -trolla våre. Kronprins Håkon Magnus kom. 3.november vart ein  stor dag for oss alle. Zero-trolla Brakar, Trollaug ogSiggjulf er symbolet  for vennskap og null toleranse for mobbing.


Hausten 2012 inviterte Udir til aksjonsveka  med mottoet ”Vaksne skaper vennskap” .


Vaksne skaper vennskap – ikkje berre på skulen, men i fotball klubben, musikkorpset, speidaren, fritida generelt, heimeleikemiljøet. Aksjonsveka er over, men mottoet lever vidare!

 

«VAKSNE SKAPER VENNSKAP» skal vera eit motto for oss på Våge. Me meiner det inneber at vaksne hjelper barna med å bygge gode vennskap.  Dei legg forholda til rette og  gir barn muligheit til å vera saman på ein positiv og god måte.

 

Mål for god sosial kompetanse;

  • Elevane våre skal kunna etablera gode sosiale relasjonar.
  • Dei skal kunna meistra konfliktsituasjonar på ein god måte.
  • Elevane våre skal kunna visa toleranse og respekt for kvarandre sine ulikskapar.


Vår VISJON:  Tryggleik – meistring – utvikling. Våge skule – ein skule for alle.


Den pedagogiske plattforma vår uttrykker felles forståing for kva vårt arbeid her på skulen kviler på:


Elevane ved Våge skule er kjerneaktiviteten vår. Me arbeider for god relasjonsbygging kor tillit, toleranse, tydelege grenser og gjensidig respekt er viktige faktorar. Elevane våre skal ha eit trygt og godt læringsmiljø
kor læring og fagleg utvikling gir fagleg tryggleik.


Elevane skal verta medvetne om kompetansen sin på ein positiv måte. Dei skal vera aktive, ha tru på seg sjølve, på eigne evner og utviklingspotensiale, og slik vera rusta til å møta framtida og spennande utfordringar  etter Våge skule.


Våge skule august 2012

 

Publisert av Simon Knutsson Sortland. Sist endra 08.12.2015
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering