Helsesjukepleiar ved Våge skule

 

Helsesjukepleiar Camilla Johannessen Hallaråker er å treffa på skulen tysdagar frå kl. 08.30 

 

Det er og fullt mogeleg å kontakta ho på e-post: Camilla.J.Halleraker@bomlo.kommune.no

 

Helsesøster

  • Arbeider for å fremja helsa og trivnaden til eleven, gode sosiale og miljømessige tilhøve og forebyggja sjukdom og skade
  • Vil saman med skulen, foreldre  og andre arbeida for eit godt skulemiljø
  • Er tilgjengeleg for elevane, føresette og skulen sitt personell på område som vedkjem helse og trivnad
  • Har samtale med eleven(-ane) individuelt og i grupper for å bevisstgjera dei på korleis ein kan ta vare på eiga helse både fysisk, psykisk og sosialt
  • Kartleggja helsa og trivnaden til eleven
  • Medverka til løysing av eventuelle vanskar, saman med eleven, føresette, skulepersonell og andre i hjelpeapparatet
  • Føl opp vaksinasjonsprogrammet
  • Har  taushetsplikt

Innhaldet i skulehelsetenesta i Bømlo:

 

Året før skulestart: 
Helseundersøking ved lækjar og helsesøster.


2. klasse:
Vaksine mot polio, difteri, stivkrampe og kikhoste


3. klasse:
Vekt og høgdemåling. Individuelle samtale med helsesøster med utgangspunkt i spørjeskjema.

 

1.,2.,4 og 5. kl.:Oppfølging av enkeltelevar.


5/6.klasse: Gruppesamtalar om pubertet


6. klasse:
Vaksine mot meslingar, raude hundar og kusma.


7. klasse:
Vaksine mot Hpv for jenter
Gruppesamtalar og/eller individuelle samtalar.

 

Nokre gode råd om leggjetider:

 

1. klasse: kl. 1930

2. klasse: kl. 1945

3. klasse: kl. 2000

4. klasse: kl. 2015

5. klasse: kl. 2030

6. klasse: kl. 2100

7. klasse: kl. 2130

 

 Dette er rettleiande med ein 1/2 time "slingring" og individuelle søvnbehov.

 

 

 



 

Publisert av Bodil Selle. Sist endra 19.09.2019
Fant du det du leitte etter?