SFO - skulefritidsordning

Skulefritidsordninga er eit omsorgs- og fritidstilbod for elevar i 1.-4. klasse, der ein legg vekt på utfalding, leik, kulturaktivitetar og sosial læring. Funksjonshemma barn kan delta opp til 7. klasse.

 

Opningstida på Våge skule er frå kl 07:00 til skulestart kl 08.20, og frå kl 13:00 til kl 16:15.

 

SFO-tilbodet ved Våge skule følgjer skuleruta. SFO i feriar og planleggingsdagar vert på Svortland skule. Her må det sendast eigen søknad til Svortland skule ved behov. Kontakt personale på SFO for skjema.

 

Har de spørsmål om SFO ved Våge skule kontakt skulen 53 42 36 80.

 

Søknadsskjema og prisar (DOCX, 47 kB)

 

Det er halv sats for månadane august og juni

 

Det vert gjeve søskenmoderasjon for eit eventuelt barn nr. 2 (25%).

 

Det er ei gjensidig oppseiingsfrist på 2 mnd, rekna frå den første i kvar mnd.

 

Sist endra 02.04.2020
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering