Råd og utval ved Rubbestadneset skule

Eit godt samarbeid mellom heim og skule er ein viktig føresetnad for å skapa gode læringstilhøve for den einskilde elev og eit godt læringsmiljø i gruppa og på skulen. Brukarmedverknad fra foreldra er lovpålagt.

 

Råd og utval ved skulen:

Elevrådet

Foreldrekontaktar

FAU

Skulemiljøutvalet

Samarbeidsutvalet

 

I opplæringslova er det gjort klart at opplæringa skal skje i samarbeid og forståing med heimen. FUG (Foreldreutvalget for grunnopplæringen) har laga ein presentasjon om heim-skule samarbeidet i grunnskulen, med informasjon om rådsorgan, samarbeidsområde og forventningar. Her er skoleringsopplegget på nynorsk.

 

Samarbeid heim- skule: rettar og plikter

Samarbeidet  mellom heimen og skulen skjer på tre engasjementsnivå:

  • Elev
  • Klasse/gruppe
  • Skule

 

Samarbeidet føregår i ulike fora:

  • Foreldremøter
  • Utviklingssamtalar
  • Rådsorgan (FAU, SU og SMU)

 

Samarbeidsområde:

 

Nivå i samarbeidet:

  • Informasjon – begge parter gjev informasjon til kvarandre
  • Dialog – kommunikasjon og reelle drøftingar om forhold av betydning
  • Medverknad - partane fattar felles avgjerder

 

FUG si heimeside: www.fug.no



 

Publisert av Therese Grasdal. Sist endra 16.08.2017
Fant du det du leitte etter?
Kommunale tenester (1)
 
Login for redigering