Lesson Study

 

Lærarane på Rubbestadneset skule har sidan 2010 arbeida med Lesson Study i si skulebaserte kompetanseutvikling.  Metoden er brukt i mellom anna Japan i lange tider. I USA er òg metoden mykje brukt, samt i fleire land i Europa.

Då me fekk opplæring i metoden av Elaine Munthe ved Universitetet i Stavanger, var det få/ingen som hadde nytta metoden i skulen her i Noreg. Det tok derfor litt tid før me fekk grep om metoden og fann ut kva me kunne få til og kva «nytte» me hadde av å jobbe på denne måten. Me har gjort oss fleire erfaringar undervegs. Dei har me fått mogelegheit til å utvikle oss sjølv vidare på og samstundes få dele med andre.

No er me inne i vårt 6. år og me blir meir og meir nøgd med å jobbe på denne måten. Me delar «funn» og pedagogiske opplegg med kvarandre og me kollegaer på Foldrøy skule.

 

Kort om metoden

Lesson Study er Lærarane si læring satt i system. Læringsforma tek utgangspunkt i lærarane sine eigne spørsmål når det gjeld undervisning og elevane si læring. Dette blir sett på i samanheng med sentralt planverk, skulen sine planar, kommunale planar og statlege planar.

Lærargruppa tek utgangspunkt i ei problemstilling dei har utarbeidd. Ut frå det planlegg gruppa saman korleis dei vil gjennomføre ei undervisningsøkt ut frå problemstillinga. Timen blir planlagt svært grundig. Lærarane nyttar gjerne litteratur og etterspør gjerne hos andre(gjerne eit høgskulemiljø) når dei planlegg undervisninga. Alle val blir gjort av gruppa saman. Det er ikkje ein einskild som har ansvar for undervisningsopplegget. Lærarane  lagar òg observasjonsskjema til å nytte under gjennomføringa av undervisning,  for å kunne undersøkje om dei når sine mål. Observasjonar og undervisningsopplegg blir så evaluert. Før undervisningsopplegget og resultata blir delt med andre, blir det ofte gjennomført ei ny undervisningsøkt ut frå dei observasjonar og «funn» ein gjorde første gong ein gjennomførte undervisningsøkta. Undervisninga og resultat av funn (gjort i refleksjonar og evalueringsfasa) blir formulert ned ei ein skriftleg rapport. Undervisningsopplegg, resultata og det me har funne ut, delar me med kvarandre gjennom ei fellessamling. Rapportane blir òg lagt ut på its-learning slik at alle kan finne tilbake til opplegget.

Me gjennomfører ein Lesson Study - syklus kvart år over ein periode på 8 veker. Me bruker fellestida til planlegging og evaluering.

 

 

Lesson Study - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Figuren over illustrere ein Lesson Study – syklus.

 

Kvifor nyttar me metoden?

Som rektor ser eg at denne måten å arbeide på er med å vidareutvikle vår undervisning og få til gode, profesjonelle samtalar i arbeidstida. Lærarane har fått meir tid til å få fokus på kva som fremjar god læring og kva som ikkje gjer det.  På fleire plan ser ein stadig meir behov for å samarbeide og utveksle erfaring om elevkunnskap, undervisning og læring.

Me nyttar no metoden i arbeid med tema me har på vår utviklingsplan. Hausten 2015 blei heile skulen, som del av pulje 3,  med i Utdanningsdirektoratet si «ungdomstrinn i utvikling» satsing. Me har då valt å ha fokus på lesing. For vår del betyr det at alle dei tre gruppene av lærarar som no samarbeider jobbar med tema innan lesing.

 

Aktuell litteratur og nettressursar, på norsk:

 

Bok:

Munthe E. ,Helgevold N. Bjuland R., (2015) Lesson Study: I utdanning og praksis. Cappelen Damm Akademiske

 

Artiklar/nettressursar:

 

https://www.utdanningsforbundet.no/upload/Tidsskrifter/Bedre%20Skole/BS_1_2013/BS_1-13_web_Munthe_Baugsto_Haldorsen.pdf

 

http://www.skrivesenteret.no/ressurser/lesson-study-som-metode-i-skolebasert-kompetanseutvikling/

 

http://martinjohannessen.blogspot.no/2013/08/planlegg-og-organiser-undervisningen.html

Publisert av Linda Mari Wilhelmsen. Sist endra 26.02.2016
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering