Den naturlege skulesekken

Den naturlege skulesekken (DNS) inngår som ein sentral del av den nasjonale satsinga som skal stimulere til berekraftig utvikling. Det overordna målet er å få grunnskular og vidaregåande skular til å utvikle undervising der elevane kan delta aktivt og påverke og bidra til ei berekraftig framtid.

 

Gjennom deltaking i Den naturlege skulesekken får skulane økonomisk støtte til fagleg og didaktisk påfyll og rettleiing. Deltakarskular blir følgt opp av Naturfagsenteret og regionale kontaktar frå ulike institusjonar i lærarutdanninga.

 

Den naturlege skulesekken har som mål «å medverke til at elevane som framtidige arbeidstakarar får kunnskap og medvit om berekraftig utvikling og miljøutfordringane på kloden, og blir i stand til å forstå og utvikle løysingar på miljøproblema i dag og i framtida.»

 

 

 

 5., 6. og 7.klasse har hatt prosjekt om mikroplast. Her vart faga naturfag, samfunnsfag, kunst og handverk og norsk nytta i undervisninga.

 

Mål:

Kva er mikroplast?
Korleis kjem det i naturen?
Korleis vert mikroplast brukt i kosmetikk, tannkrem++?
Kva er konsekvensane for naturen og alt levande?
Kva kan kvar einskild gjera for å redusere mikroplast i naturen?
Kva kan vi oppnå gjennom informasjon og samarbeid lokalt?

 

Natursekken3 - Klikk for stort bilete Natursekken2 - Klikk for stort bilete

Natursekken4 - Klikk for stort bilete

Publisert av Linda Mari Wilhelmsen. Sist endra 09.03.2020
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering