Siggjo

Det majestiske fjellet vårt er eit populært utfartsområde for bømlingane. 474 meter over havet er det godt å ta seg ein kvil, og nyte det vide utsynet over skjergarden i Sunnhordland. På fine dagar ser du Lyderhorn i nord og Haugesund i sør, med Folgefonna i aust som ein glinsande kvit fryd for auga. I vest kan du sjå  utover sjølve storhavet så langt auga rekk, der stødige skip sig med kurs for fjerne farvatn. Her oppe finst enno spor etter dei første menneska som levde langs norskekysten, og tanken på at steinaldermannen sat her med nista si for 7-8 tusen år sidan gjev eit svimlande perspektiv over tid og liv.

 

Det var Siggen på Bømmeløen...
Heilt sidan isen byrja trekka seg tilbake frå kysten vår for 15 tusen år sidan, har Siggjo stått ytst mot havet som eit høgreist og flott landemerke. For tallause sjøfarande har Siggjo vore den fyrste landkjenninga, etter lange veker og månader i sjøen. Roald Amundsen var ein av desse mange sjøfarande som brukte Siggjo å navigera etter. På ein prøvetur med "Fram" før sørpolsferda skreiv han: "med ein fart av 8 a 9 mil gjør det hurtig mon på distansen mellom Skotland og Norge. Utover eftermiddagen lørdag den niende juli gav kulingen sig, og samtidig rapporterte utkiken land i sigte. Det var Siggen på Bømmeløen".

 

Ein utdøydd vulkan? 
Med sin karakteristiske fasong, er det ikkje merkeleg at det vert sagt seg at Siggjo har vore ein vulkan. Den karakteristiske forma som Siggjo har, og med tjernet på toppen, er det lett å tenkje seg at dette har vore ein vulkan. Det er den likevel ikkje. Bergarten er rett nok eruptiv og resultat av vulkansk aktivitet, men seinare har faldingar i jordskorpa laga til denne karakteristiske forma på fjellet. I steinalderen fann den tids bømlingar ut at rhyolitten (omdanna obsidian) på Siggjatoppen var godt eigna til knivar og pilespissar. Denne eineståande steinen vart spreidd i heile området mellom Lista og heilt opp til Trøndelag.

Siggjo - Klikk for stort bilete

Sist endra 17.07.2014
Fant du det du leitte etter?
Nyttige lenker (1)
 
Login for redigering