Hespriholmen

 

Hespriholmen - Klikk for stort bilete Denne verharde holmen nordvest for Espevær er ein av dei sentrale arkeologiske lokalitetane i Noreg. Herifrå vart det i ein periode på 5000 år, frå om lag 7.500 f. Kr. og langt inn i yngre steinalder teke ut grønstein som vart nytta til øksemateriale. Dei store steinmengdene vart sprengt ut med fyrsetjing, dvs. det vart gjort opp bål på berget som så vart raskt nedkjølt med sjøvatn.

 

Transporten til og frå holmen har gått føre seg med båtkonstruksjonar me ikkje kjenner. Økser og økseemner vert funne langs heile kysten frå Lista til Trøndelag, og har truleg hatt både praktiske og kulturelle funksjonar. Steinbrotet vart attfunne av arkeologar på 1920-talet, etter at dei lenge hadde leita etter kjelda for dei store mengdene avslag og økser som vart funne langs norskekysten.

 

Hespriholmen er nær knytt til ein av Noregs andre sentrale steinalderlokalitetar; Sokkamyra inne på Langevåg. Her vart steinen dei henta på holmen bearbeidd til meir eller mindre ferdige øksar. Hespriholmen er freda. De må gjerne gå i land der, men det er ikkje tillete å ta med seg stein derifrå, langt mindre slå laus stein frå steinbrotet eller andre stader på holmen.

 

Holmen er eit av våre første kulturminne som bebuarar i dette landet, og må sjåast på som ein av dei mest dyrbare vitnesbyrd om vår eigen kultur og identitet!
   

Sist endra 17.07.2014
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering