Sagvatnet

Sagvatnet - Klikk for stort bilete Kommuneplan 2005 - 2017 med kart
 

  • Areal: 6214 km²
  • Vernedato: 17.12.1999
  • Verneformål: Stort kupert furuskogsområde. Variert.
  • Vernetype: Naturreservat, barskog

 

Stort furuskogsområde langt mot vest. Kupert topografi. Vekslande skogstruktur. Store kraftige furutre i beskytta lier og dalar. Trea verker gamle. Blåbærskog i godt drenerte skråningar, med innslag av kravfulle artar som kristtorn, sanikel, kusymre med fleire. Lågurtfuruskog. Tretannmosefuruskog i N-skråninger. Spreidde tre på myr. Sjeldne artar for Hordaland er brunskjene og nøkkelsiv. Både vanlege og sjeldne samfunn forekommer. Fleire knytt til den ytre kystsona. Godt eigna typelokalitet for fleire kravfulle samfunn. Berggrunn: Grønskifer og grønstein med stadleg næringsrikt jordsmonn.

 

Kjelde: Direktoratet for naturforvalting 

 

Forskrift om freding av Sagvatnet som naturreservat, Bømlo kommune, Hordaland
Fastsett ved kgl.res. 17. desember 1999 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8 og § 10 jf. § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet.

 

I
I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 §§ 8 og 10 jf. §§ 21, 22 og 23 er eit barskogområde i Bømlo kommune i Hordaland fylke freda som naturreservat ved kgl.res. av 17. desember 1999 under namnet Skogafjellet naturreservat.

 

II
Det freda området vedkjem følgjande gnr./bnr.: 2/1, 2/2, 2/3, 2/4, 2/5, 2/6, 2/11, 2/17, 2/22, 2/24 og 2/33.
Reservatet dekkjer eit totalareal på 6214 dekar. Grensene for reservatet går fram av kart i målestokk 1:12 136 datert Miljøverndepartementet desember 1999. Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast av i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast. Kartet og fredingsforskrifta blir lagra i Bømlo kommune, hos fylkesmannen i Hordaland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

 

III
Formålet med fredinga er å sikre eit skogområde med alt naturleg plante- og dyreliv. Av spesielle kvalitetar kan nemnast at området utgjer ein av dei største og vestlegaste furuskoglokalitetane på ytre Vestlandet. Området er godt avgrensa med fleire nedbørsfelt der furuskog- og myrvegetasjon varierer med både sjeldne og typiske oseaniske artar.

 

IV
For reservatet gjeld følgjande reglar: Vegetasjon, medrekna daude buskar og tre, er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye planteartar må ikkje førast inn. Planting og såing av tre er ikkje tillate. Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er freda mot skade og øydelegging. Det er ikkje tillate å føre inn nye dyreartar.
Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., opplag av båtar, framføring av kloakkleidningar og luftleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller tilførsel av konsentrert forureining, tømming av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje fullstendig. Motorisert ferdsel, på land og vatn er forbode, medrekna start og landing med luftfarty. Idrettsarrangement, jaktprøver og annan organisert bruk av reservatet er forbode. Bruk av sykkel, hest og kjerre og riding utanom eksisterande vegar er forbode. Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til fredingsformålet forby eller regulere ferdsel i heile eller delar av reservatet ved forskrift.

 

V
Reglane i kap. IV er ikkje til hinder for:
Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak som gjeld ambulanse, politi, brannvern, redning, oppsyn, skjøtsel og forvaltning. Motorferdsel i samband med øving krev særskilt løyve.

  • Sanking av bær og matsopp
  • Jakt
  • Fiske

Beiting på eit nivå som ikkje er til skade for fredingsformålet.
Vedlikehald av anlegg som er i bruk på fredingstidspunktet.

 

VI
Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

  • Naudsynt motorferdsel i samband med tiltak under kap. V pkt. 3 og 6
  • Merking, rydding og vedlikehald av eksisterande stiar, løyper og gamle ferdselsvegar. Vedlikehald av kulturminne
  • Avverking av plantefelt og uttak av framande treslag
    Avgrensa bruk av reservatet i samband med undervisning
  • Opplag av båtar

 

VII
Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje fredingsformålet. Det kan lagast forvaltningsplan som kan innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtsel.

 

VIII
Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta når formålet for fredinga krev det, og dessutan for vitskaplege undersøkingar, arbeid som er særleg viktig for samfunnet og i spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot formålet med fredinga.

 

IX
Direktoratet for naturforvaltning fastset kven som skal ha forvaltningsmyndigheita etter denne forskrifta.

 

X
Denne forskrifta trer i kraft straks.

 

Databasen sist oppdatert 2. juli 2003 av Lovdata  

Sist endra 17.07.2014
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering