Skogafjellet

Skogafjellet, kart - Klikk for stort bilete

  • Areal: 667km²
  • Verneformål: Rik kalkfuruskog og purpurlyngskog
  • Vernedato: 17.12.1999
  • Vernetype: Naturreservat, barskog

Her ligg kanskje den vestlegaste og heilt sikkert ein av dei største kalkfuruskogane i Hordaland. Skogafjellet har dessutan dei klart finaste og største utformingane av purpurlyng-furuskog som er registrert under dette arbeidet. Dette er botaniske verdiar som ikkje kan erstattast av andre barskogsområde i fylket. Furuskogen har eit opphaveleg preg, med gradientar frå furuskog til lynghei.  

 

Stor variasjon i skogstruktur etter ulike eksposisjonar. Ei rekkje kravfulle vegetasjonstypar og sjeldne arter er registrert. Stor verdi for forsking og undervisning. Inngrep: Spor etter hogst. Grenser til grøfta myr tilplanta med gran. Skogsveg inn mot Andersvatnet. Fiskeoppdrett i Bergsvatnet.
 

 

Kjelde: Direktoratet for naturforvalting

 

__________

 

Forskrift om freding av Skogafjellet som naturreservat, Bømlo kommune, Hordaland Fastsett ved kgl.res. 17. desember 1999 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8 og § 10 jf. § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet.
 

I
I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 §§ 8 og 10 jf. §§ 21, 22 og 23 er eit barskogområde i Bømlo kommune i Hordaland fylke freda som naturreservat ved kgl.res. av 17. desember 1999 under namnet Skogafjellet naturreservat.
 

II
Det freda området vedkjem følgjande gnr./bnr.: 61/1, 61/2 og 61/3. Reservatet dekkjer eit totalareal på 667 dekar. Grensene for reservatet går fram av kart i målestokk 1:10020 datert Miljøverndepartementet desember 1999. Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast av i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast. Kartet og fredingsforskrifta blir lagra i Bømlo kommune, hos fylkesmannen i Hordaland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.  

 

III
Formålet med fredinga er å sikre eit skogområde med alt naturleg plante- og dyreliv. Av spesielle kvalitetar kan nemnast at området har ein samanhengande høgdegradient frå 0 til 100 m.o.h. der ein går frå ein rik kalkfuruskog med bergflette og kristtorn til godt utvikla og unik purpurlyngfuruskog.  

 

IV
For reservatet gjeld følgjande reglar: 1. Vegetasjon, medrekna daude buskar og tre, er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye planteartar må ikkje førast inn. Planting og såing av tre er ikkje tillate. 2. Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er freda mot skade og øydelegging. Det er ikkje tillate å føre inn nye dyreartar. 3. Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., opplag av båtar, framføring av kloakkleidningar og luftleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller tilførsel av konsentrert forureining, tømming av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje fullstendig. 4. Motorisert ferdsel, på land og vatn er forbode, medrekna start og landing med luftfarty. 5. Idrettsarrangement, jaktprøver og annan organisert bruk av reservatet er forbode. 6. Bruk av sykkel, hest og kjerre og riding utanom eksisterande vegar er forbode. 7. Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til fredingsformålet forby eller regulere ferdsel i heile eller delar av reservatet ved forskrift. 8. Bålbrenning er forbode.  

 

V
Reglane i kap. IV er ikkje til hinder for: 1. Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak som gjeld ambulanse, politi, brannvern, redning, oppsyn, skjøtsel og forvaltning. Motorferdsel i samband med øving krev særskilt løyve. 2. Sanking av bær og matsopp. 3. Jakt. 4. Fiske. 5. Beiting på eit nivå som ikkje er til skade for fredingsformålet. 6. Vedlikehald av anlegg som er i bruk på fredingstidspunktet.  

 

VI
Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til: 1. Naudsynt motorferdsel i samband med tiltak under kap. V pkt. 3 og 6. 2. Merking, rydding og vedlikehald av eksisterande stiar, løyper og gamle ferdselsvegar. Vedlikehald av kulturminne. 3. Avverking av plantefelt og uttak av framande treslag. 4. Avgrensa bruk av reservatet i samband med undervisning. 5. Opplag av båtar.  

 

VII
Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje fredingsformålet. Det kan lagast forvaltningsplan som kan innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtsel.  

 

VIII
Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta når formålet for fredinga krev det, og dessutan for vitskaplege undersøkingar, arbeid som er særleg viktig for samfunnet og i spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot formålet med fredinga.  

 

IX
Direktoratet for naturforvaltning fastset kven som skal ha forvaltningsmyndigheita etter denne forskrifta.  

 

X
Denne forskrifta trer i kraft straks.  

 

Databasen sist oppdatert 2. juli 2003 av Lovdata  

Sist endra 17.07.2014
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering