Hisøy

Hisøy - Klikk for stort bilete

 

Hisøy - Klikk for stort bilete Imellom grå svaberg og karrige, lyngkledde øyar og holmar i nordre enden av Bømlo kommune ligg den grønkledde Hisøya. Her har det ikkje i nyare tid vore fast busetnad, men i Bømlo Bygdebok (1973) nemner Simon Steinsbø at der er gjort eit reidskapsfunn av flint som må vera overlagt gammalt. Dr. Christian Heitmann bygde ei oppsynshytte på øya rundt 1900, men denne vart seinare riven og erstatta med ei større hytte, kosta av prof. Robert Lepsøe (gift med Heitmanns dotter Hjørdis) i 1947. Denne vart rundt 1970 gjeven til Bømlo Kommune som leiger hytta ut ved høve.

 

Ut til storhavet er avstanden 3-5 kilometer i nord- og vestleg lei. I skogen på øya kan ein mellom anna finna opptil 30 meter høg sitkagran med eit volum på 9-10 kubikkmeter. Denne grøne naturperla er  eit resultat av pionerarbeidet til Christian Heitmann, og minner i dag om eit parkområde. Hisøya er ein mykje nytta utfartsstad for såvel lokale- som for tilreisande i sommarhalvåret. I ei av austvikane på øya er bygt trekai, med bra tilflot for turbåtar.  

 

Øya er regulert som friluftsområde og badeplass.  

 

Dr. Christian Heitmann si planting (Eldre bilete av hytta på Hisøy Foto: Norsk skogselskap 1988)
Dr. Christian Heitmann var ein pioneer og idealist på fleire felt. Han kom i tida kring 1890 frå Hitra som distriktslege for Stord og dåverande Finnås prestegjeld, med tilleggsdistrikt til Bekkjarvik i nord og til deler av Tysnes i aust. Skogplantingsideen hadde han med seg frå Hitra, der han hadde eksperimentert med nyplanting.    

 

Det var i dei tider ei vaknande interesse for skogplanting på Vestlandet, og ideen om å plante på Hisøya kom etter eit veddemål med soknepresten på Stord om korvidt øyane her kunne ha vore skogkledde tidlegare. Dr. Christian Heitman stod i kontakt med nyskaparane av Bergen Skogselskap, dr. Klaus Hansen med fleire, og likeeins med grunnleggjaren av Det norske Skogselskap, Axel Heiberg, som under planleggjingsfasen på Hisøy kom på mange sommarbesøk og synte stor interesse for tiltaket.
 

 

Etter eigne studier i lærebøker start  dr. Heitmann fyrst opp med planting av lite kravfulle planteslag som buskfuru og bergfuru som forkultur for edlare treslag. På dei betre bonitetar vart det tilført vanleg furu, ymse slag edelgran, kvitgran, blågran, vanleg norsk gran, sitka- og douglasgran. Lauvtreslag blei og ført inn.    

 

Kongegrana
Ei hendig til ære for kongeriket Noreg gjekk ut frå Hisøy under krigen. Ein bremnesing, Mons Urangsvåg, som gjorde teneste i den Norske Marine ombord i MTB 626, sjef løytnant Bøkeberg, gjekk den 29. november 1942 i land på Hisøy under eit raid på norskekysten og henta ei edelgran til juletre til HM kong Haakon VII i London. Dette vart sidan tradisjon for resten av krigstida, og om norsk julegran til London i seinare år er ein utløpar frå denne hendinga, skal vera usagt.   Kjelde: Hisøy - ein oase i skjergarden (Norsk skogselskap 1988)

 
Sist endra 17.07.2014
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering