Kyrkjestien

   

Tursti langs Kyrkjestien - Klikk for stort bilete Denne stien er om lag 4 km, og tek omlag 1 time og gå gjennom skog, myr og fjell. Turen går langs den gamle kyrkjestien mellom Vika og Vorland. Frå Vika tek du av frå vegen til smoltanlegget ved Bergesvatnet. Turstien er merka med raudt. Frå Vika går stien først i lett skogsterreng, vidare opp og over fjellet ned mot Steinloppetjørna.

 

I dag må ein gå rundt Steinloppetjørna på nordsida, då Kvernavatnet er oppdemma, og den gamle steinovergangen er under vatn. På nedturen frå Kvernavatnet mot Vorland går stien langs ein traktorveg.  

 

Startkoordinat: 59° 37,56' N - 05° 11,62' Ø.  

 

Kjelde: Bømlo Tur- og Sogelag

Sist endra 18.07.2014
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering