Siggjarvåg - Siggjo

Tursti frå Siggjarvåg til Siggjo - Klikk for stort bilete Dette er den klassiske søndagsturen, som tek omlag 45 minutt opp og 30 minutt ned. Du  startar ved skogsvegen og parkeringsplassen like sørom Stokkajuvtunnelen. Skogsvegen går om lag 0.5 km opp lia, før du kjem til ein sti som tek deg til høgre oppover i bratt fjellterreng. Der det er brattast er det tau å halda seg i, eller korte hengebruer.

 

Det er om lag 1,5 km frå foten av Siggjo, til den 474 meter høge toppen. Der finn du ei gjestebok på terrassen til huset ved masta, og her sel Røde Kors brus og suppe i påska. Ved tjernet nord på toppen vart det i 1979 oppdaga eit rhyolittsteinbrot frå steinaldertida. Sjå elles om "Siggjo" under "Naturen vår".

 

Startkoordinat: 59° 45,46' N - 05° 1,9' Ø.  

Sist endra 18.07.2014
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering