Stangarvågen rundt

   

Tursti rundt Stongarvågen - Klikk for stort bilete Denne løypa er 3,5 km og tar omlag 45 minutt frå Stangarvågen, og rundt til Brubrekka. Løypa startar frå Rolfsnesvegen inn til ein skogveg inst i Stangarvågen. Terrenget er lett, med delvis grusa stier. Løypa eignar seg fint for ein familietur, sjølv om delar av turen er myrlendt. Litt over halvvegs ved vatnet blir det litt klatring, men vel over kan du belønna deg sjølv med godt ferskvatn. Stien sluttar/startar like ved brua i Brubrekka.  

 

Startkoordinat: 59° 48,67' N - 05° 15,02' Ø.
   

Sist endra 18.07.2014
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering