Vorlandsaga

Nellik - Klikk for stort bilete Denne turen går gjennom lett kupert skogsterreng og tek om lag 15 - 20 minutt, og er 1 km lang. Du tek av på ein sti frå Andalsvegen, like nord for Vevikvatnet. Gå så i søraustleg retning langs ein arm av Vevikvatnet, og vidare ned til saga i ytre Vorlandsvågen. Her er det ein fin badeplass.   Saga blei bygd før 1860, og står i utmarka ved Vorland. Eigartilhøvet har gjennom tidene skifta mellom Andal og Vorland.  

 

Startkoordinat: 59° 37,53' N - 05° 14,62' Ø.  

 

Kjelde:  Bømlo Tur- og Sogelag

Sist endra 18.07.2014
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering