Åreid - Siggjarvåg

Krekebær - Klikk for stort bilete Turen startar ved Stemneplassen i Åreiddalen. Stien går på sørsida av Finnåsvatnet. Forbi Dromsdalen, og langs Mørkesida, til skogsvegen mellom Holmedalsvatnet og Åstjørna i Siggjarvåg. Midtvegs er det mogleg å gå over Laksakaret til Sølvrusta, og vidare mot Baståsen eller Oldereid. Hovudløypa er godt merka, og vegen er fin å gå.  

 

Startkoordinat:

Åreid: 59° 45,18' N - 05° 16,24' Ø.   Siggjarvåg: 59° 47,52' N - 05° 18,95' Ø.
   

Sist endra 18.07.2014
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering