Turstiar

På Bømlo finst det mange merka turstiar. Ei vandring langs desse stiane gir deg ei oppleving av det mangfaldet av natur som Bømlo har å by på, med ein unik flora og spanande og variert geologi.

Tursti - Klikk for stort bilete Her kan du oppleva alt frå den mektige utsikta frå toppen av Siggjo til opne landskap, frodig skog og vakre kulturlandskap. Under finn du ei liste over mange av desse turstiane. Har du informasjon om andre turstiar som kan leggjast ut, ta gjerne kontakt på tlf 53 42 30 14.
 

Nytt turkart utgitt av Bømlo Turlag kostar 150 kroner og kan kjøpast i resepsjonen i Bømlo rådhus, i Moster Amfi og Langevåg Bygdatun.  

 

Ha ein flott tur!

 

Turstiar:                            

  • Andal til Saga
  • Baståsløypa 
  • Berge til Bergeseidet   
  • Berge til Bergesfjellet   
  • Bergeseidet til Andal
  • Bergeseidet til Hjartnesvågen  
  • Bjørnevik til Børøysåta   
  • Brandasundsåta  
  • Engjardalen til Siggjo   
  • Espeland 
  • Fet - lysløype på Svortland
  • Gamlekyrkja - Vetahaugen  
  • Gilje
  • Gjøsæter til Lauritshola
  • Goddo
  • Gullgruvene
  • Husa til Sagvatnet
  • Idrettsplassen til Grindheim   
  • Korkadalsstølen til Haldorsvatnet   
  • Kuleradaren på Katla  
  • Kvernhuset på Vorland   
  • Kyrkjestien 
  • Mælandssåto 
  • Roaldsfjorden til Sætre
  • Siggjarvåg til Siggjo
  • Sletten til Siggjo
  • Stangarvågen rundt
  • UFO-ringen til Åkerkve
  • Turkart Espevær 2011
  • Vorlandssaga
  • Våge til Helvik
  • Øvre Gåsland til Korkadalstølen   
  • Ådno  
  • Åreid til Siggjarvåg   
  • Åreid til Siggjo
Sist endra 18.07.2014
Fant du det du leitte etter?
Nyttige lenker (1)
 
Login for redigering