Tora Mostrastongprisen

Statue av Tora Mostrastong
Tora Mostrastongstatue

I 2008 tok ei gruppe personar eit initiativ til å etablera ein eigen pris i Tora sitt namn. Dei ønskte med dette å heidra dei eigenskapane som Tora stod for og samstundes synleggjera kvinner sine roller i historia og i samtida. Tora Mostrastongprisen er ein bronsestatuett etter modell av Tora Mostrastong-statuen på Moster. Utdelinga skjer første gong i samband med premieren på Mostraspelet laurdag 30. mai 2009.

Prisen skal delast ut til ei kvinne som over tid har synt stor vilje og evne til positiv samfunnsinnsats - lokalt, nasjonalt eller internasjonalt. Styret vil i si vurdering leggja vekt på eigenskapar som styrke, mot og omsorg, arbeid for menneskerettar og likeverd, og innsats som kulturberar og samfunnsbyggjar.

Om Tora Mostrastong
Tora Mostrastong var frå Moster og vert omtalt i Snorre. Ho fekk sonen Håkon saman med  kong Harald Hårfagre. Tora var ei sterk kvinne - høgreist, stolt og svært vakker. Ho fekk tilnamnet "Mostrastong". Tora hadde stor omsorg for kongsemnet Håkon.  Håkon vart som 10 åring send til kong Adalstein i England for å bli oppfostra der. Dette gav han tilnamnet Adalsteinsfostre. Då han var 20 år, kom han attende til Norge og tok over kongsmakta. Seinare har han ofte vorte kalla "Den Gode".
       
Tora Mostrastong fekk i 2001 sitt eige historiske spel skrive av Johannes Heggland. Det er eitt av dei 5 Håkonarspela og vart framført av Bømloteateret. m.a i Moster Amfi. Les meir om Tora Mostrastong her...

Foreininga "Tora Mostrastongprisen"
Foreininga har eit styre på 5 medlemer: Birthe Taraldset (leiar), Kjellaug Arnulf, Inge Halstensen, Bjørn Meling og  Ragnhild Randal. Foreininga er stifta etter initiativ frå tidlegare fylkesmann i Hordaland og mangeårig stortingsrepresentant Håkon Randal og adjunkt og kulturarbeider Johannes Hjelland. Hovudoppgåva for foreininga er å administrera utdelinga av Torastatuetten og for å arrangera Toraseminaret. 

Mostraspelet -  ei kulturhistorisk oppleving
" Kristkongane på Moster" er eit av dei største og viktigaste sogespela i Noreg.  Det skildrar dramatiske hendingar i ei brytningstid for rundt 1000 år sidan. Eit samfunn i endring både med omsyn til religion, lov og rett, skikkar, menneskesyn og menneskerettar. Mostraspelet vert arrangert kvart år av Bømloteateret.  www.mostraspelet.no

Moster Amfi 
Ein av dei mest spektakulære utescenar i Nord - Europa med plass til over 1000 menneske. Amfiet er bygt opp omkring  det gamle marmorbrotet på Moster. Amfiet er arena for mellom anna Mostraspelet, konsertar, utstillingar og Bømlo Musikallaug sine vidkjende musikaloppsetjingar. Det kyrkjehistorisk senteret vart bygd i samband med 1000-års jubileet for kristningsverket i Norge 1995. Senteret er ei utstilling som  skildrar overgangen mellom norrøn tru og kristendomen.  www.mosteramfi.no

Moster gamle kyrkje
Truleg den eldste kyrkja i landet. Kyrkja er frå ca. 1100 og er sterkt knytt til dei historiske hendingane på Moster.

 
Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 02.12.2009
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering