Sjukeheimsoppald (institusjonsopphald)

Målgruppe 
Alle med stort pleie-og omsorgsbehov som bur i, mellombels oppheld seg i eller ønskjer å flytta til kommunen.   
 
Formål med tenesta 
Opphald på sjukeheim skal dekkja søkjaren sitt behov for fagleg forsvarleg behandling og pleie. Det skal ytast heilskapeleg teneste i høve til bebuarane sine fysiske, psykiske, åndelege og sosiale behov.
 
Saman med bebuarane skal det leggjast til rette for god livskvalitet ved å byggja opp under bebuarane sine ressursar, med respekt for den enkelte sin eigenverdi og livsførsel.  
 
Tenesta gjeld 
Ein plass ved sjukeheim inneber at helsesvikten til søkjar har eit slikt omfang at heimesjukepleie eller korttidsplass ikkje kan kompensera for dette. Helsesvikt må innebera nedsatt evne til å ivareta eitt eller fleire grunnleggjande behov knytt til;

  • respirasjon
  • sirkulasjon
  • ernæring / væske
  • eliminasjon
  • hygiene
  • fysisk aktivitet
  • søvn / kvile / velvære
  • psykisk / mental tilstand o.a. 

Tenesta ved sjukeheim vil m.a. bestå av;

  • pleie / omsorg / tilsyn
  • rehabilitering
  • habilitering
  • tilsynslege
  • ernæring
  • aktivisering


Betaling
Betaling for opphald skjer i samsvar med Forskrift om vederlag for kommunale helse og omsorgstenester.  Det vil sei at kommunen trekk 75% av inntekt inntil folketrygda sitt grunnbeløp og 85% av inntekt utover folketrygda sitt grunnbeløp (t.d. renteinntekter). For å kunne rekna ut kva den enkelte skal betala, må kommunen / institusjonen få naudsynte opplysningar om inntektstilhøve. Berre på den måten kan kommunen fastsetja vederlaget som skal betalast for opphaldet.   
 

Korleis søkja tenesta 
Søknad må skrivast på Søknadsskjema Helse og omsorgstenester (PDF, 374 kB) og sendast til Tenestekontoret i Bømlo kommune, Leirdalen 1, 5430 Bremnes. Du kan òg levera søknade i skranken på Rådhuset. Dersom søkjar ikkje sjølv kan skriva under, må det liggja føre fullmakt, eller det må eventuelt oppnemnast hjelpeverje.

Har du spørsmål? Ta kontakt med tenestekontoret på tlf 54 42 34 70.


Bømlo kommune har institusjonsplassar ved Bømlo sjukeheim  og ved Bømlo omsorgstun. Kommunen har også 15 sjukeheimsplassar for pasientar med demens ved Teiglandshagen bufellesskap.

Sist endra 18.08.2017
Fant du det du leitte etter?
Kommunale tenester (1)
Eining (1)
 
Login for redigering