Avlasting

Målgruppe 
Personar som har langvarig og tyngjande omsorgsansvar for funksjonshemma barn, unge, vaksne eller eldre.   

 

 

Formål med tenesta 
Avlasting er retta mot personar med stort omsorgsansvar. Gjennom avlasting skal omsorgsytaren få høve til nødvendig fritid og ferie, og ein skal få høve til å ta del i vanlege samfunnsgoder og aktivitetar.   
 
Dersom du eller andre i familien din har omsorg for eldre, funksjonshemma eller andre pleietrengande kan de søkja om ulike avlastningstilbod. Avlastning kan ein få både i og utanfor heimen. Kommunen gjev avlasting i form av:

  • engasjert avlastar: ved at kommunen engasjerer og løner ein avlastar i eller utanfor heimen
  • avlasting i eigen heim ved kommunen sine tilsette
  • opphald i Avlastingsbustaden (barn og unge)
  • avlasting i institusjon (vansne og eldre)

 

 

Kva er kravet for å motta tenesta 
Søknaden blir vurdert etter Helse og omsorgstjenesteloven og Pasient og brukarrettighetsloven. Den som yt omsorg må ha trong for avlasting for framleis å kunna ha ansvaret for omsorga i heimen. Samstundes må omsorgssituasjonen vera langvarig og særleg tyngjande. Den som får omsorg kan ikkje vera i stand til å ha omsorg for seg sjølv, og er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greia dagleglivet sine gjeremål. 

 

Betaling 
Avlasting er kostnadsfritt


Korleis søkja tenesta? 
Barn/Unge (under 18 år):
Søkand skal skrivast på søknadsskjema helse og omsorgstenester og sendast til Barne og Familietenesta, Bømlohallen, 5430 Bremnes. Du kan òg levera søknaden i skranken på Rådhuset.

Har du spørsmål? Takontakt på tlf 53 42 xx xx


Vaksne/eldre (over 18 år):
Søkand skal skrivast på søknadsskjema helse og omsorgstenester og sendast til Tenestekontoret i Bømlo kommune, Leirdalen 1, 5430 Bremnes. Du kan og levera søknaden i skranken på Rådhuset. 

Har du spørsmål? Ta kontakt på tlf 53 42 34 70.


 Meir om saksbehandling og rett til å klaga på vedtak finn du her.

   

Sist endra 05.02.2015
Fant du det du leitte etter?
Eining (1)
 
Login for redigering