Psykisk helsearbeid i Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta har som mål å fremja eleven sin trivsel på skulen, og skal i eit tverrfagleg samarbeid bidra til å skapa eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Det vert jobba utfrå eit førebyggjande perspektiv, med fokus på helseopplysing, undervising, vegleiing og oppfølgjing, både på system- og individnivå.

 

Skulehelsetenesta tilbyr psykisk helseteneste for alle elevar i Bømloskulen. Målet er å førebyggje psykiske vanskar og psykososiale problem ved å vera lett tilgjengeleg for elever, foreldre og lærarar, og ta tak i bekymring for barn og ungdom. Me vegleiar og underviser om psykisk helse og tilbyr avgrensa behandling og rådgjeving. Aktuelle arbeidsmetodar kan vera kartleggingssamtalar med enkeltelevar eller grupper/klassar, evt oppfølgingssamtalar eller gruppesamtalar. Det kan òg vera aktuelt å tilvisa til andre hjelpeinstansar innan rus- og/eller psykisk helsevern, t.d. Familievernkontor, Barnevernskontor, BUP eller DPS.

Barn og ungdom kan snakka med oss om dei føler seg triste eller ulykkelege, om sorg, angst, fobiar, problem i forhold til venner, familie eller kjæraste, spørsmål knytt til seksualitet, eller andre ting som er vanskelege.

For dei yngste skuleborna kan foreldre eller lærarar kontakta oss med spørsmål knytt til engstelege barn, urolege barn, eller barn som er vanskelege å "styra".

Skulehelsetenesta gir hjelp/behandling ut fra eit løysingsfokusert perspektiv og innanfor ei kort behandlingstid. Der me vurderer at det er behov for meir omfattande hjelp, og over lengre tid, tilviser me videre til andre hjelpeinstansar eller til spesialisthelsetenesta.

 

Viktige mål

• Lett tilgjenge og inga ventetid for barn og ungdom som oppsøkjer tenesta.

• Tidleg hjelp for ungdom som treng avklaring når dei er urolege for si psykiske helse og fungering.

• Tidleg hjelp til foreldre når dei er urolege for barnet/ungdommen si utvikling.

• Lett tilgjenge for lærarar og foreldre som ønskjer vegleiing når dei uroar seg i forhold til barn og unge.

 

Kva gjer me?

• Råd og vegleiing til barn, ungdom, foreldra deira og lærarar.

• Kartlegging av elevar si sosiale fungering og trivsel på skulen.

• Undervising om psykisk helse for elevar, lærarar og foreldre.

• Avgrensa behandling av lettare psykiske og atferdsmessige vanskar.

• Samarbeid og tilvising til andre hjelpeinstansar.

 

Publisert av Stian Olderkjær. Sist endra 03.12.2015
Fant du det du leitte etter?
Kommunale tenester (1)
 
Login for redigering