Skilsmisse? Tilbod om samtalegrupper for born og ungdom

Bømlo kommune tilbyr samtalegrupper for barn og ungdom som har opplevd foreldra si skilsmisse. 

Program for skilsmissegrupper i skulen (PIS). - Klikk for stort bilete - Årleg opplever meir enn 27 000  og unge at foreldra skiljer lag. Barn og ungdom med skilte foreldre har, samanlikna med andre barn og ungdomar, ei høgare risiko for å oppleva angst, depresjon, dårlegare sjølvbilete og problem på skulen når dei kjem i tenåra. Å førebyggje dette er bakgrunnen for at Bømlo kommune no satsar på samtalegrupper for barn og ungdom, opplyser verksemdsleiar Linda Hellen i barne- og familitenesta.


PIS - «Program for skilsmissegrupper i skulen»
Helsepersonell, terapeutar og pedagogar frå Barne- og familietenesta, barnehagar og skulane har fått opplæring i å drive PIS-grupper. «Program for skilsmissegrupper i skulen» er eit samtaleprogram for barn og ungdom, kor målet er at barn og ungdom skal bli meir nøgd med eigen kvardag, få ein betre sjølvforståing, oppleve mestring, og å skape håp og visjonar.


Programmet går over 6 veker. Målet er at Bømlo i løpet av 2015 har fått system på å drive grupper kontinuerleg på dei største skulane i kommunen, og at me gir samla tilbod til elevar ved mindre skular.
 

Kvifor drive samtalegrupper for skilsmissebarn?
PIS er eit førebyggjande hjelpetiltak for barn og ungdom i ein sårbar situasjon. Erfaring med slike samtalegrupper er at det er hjelp til sjølvhjelp - og hjelp til meistring. I samfunnet i dag er skilsmisse så vanleg at det er ei reell fare for at skilsmisse blir normalisert. Då kan me også fortrenge barna og ungdommen sine opplevingar. Skilsmisse er rett og slett vanleg, men vondt.


Skal skilsmissen snakkast om ?
«Det blir ikkje farlegare om vi snakker om det … Å finne ord, setninger og fortellinger som rydder, ordner og arkiverer det som har hendt som en håndtert fortid, er en metode som kan gi elevene en terapeutisk effekt»  Dette seier Magne Raundalen, psykologspesialist og ekspert på krisesituasjonar.


Kvifor jobbe i gruppe?
Barn og ungdom får bearbeide eigne opplevingar av skilsmissen saman med andre som har erfart det same. Nettverket deira vert styrka, og dei får ei inngåande forståing for, og identifikasjon med, kvarandre sin livssituasjon. Erfaringar viser og at det er lettare for barn å prata med jamnaldrande enn vaksne. Dei snakkar same språk. Gruppa består av 4-7 deltakarar som møtes 6 gongar ca 1 gong pr veke. Det er også mogleg å få individuelle samtalar om det er behov for det.


Noko for ditt barn?
Gruppene er tenkt som ei støtte og tilbod til barn, ungdom og foreldre i ein situasjon som kan vere vanskeleg for alle partar. Mange foreldre bekymrar seg i periodar under og etter skilsmissen for at dei ikkje har nok overskot til å ivareta barna sine behov for samtalar, trøyst og omsorg.

 

Gjennom samvær med andre barn eller ungdom får dei hjelp til å få orden på tankar og følelsar omkring skilsmissen, uavhengig av om dette er lenge sidan. Det er viktig at barna kan kome fram til ei historie om skilsmissen som alle i familien kan leve med, og som gir meining og håp. Gruppene skal vere ein fristad, kor barna slepp å vere bunden av lojalitetsomsyn.

Dersom du ynskjer å vita meir om PIS, ber me deg ta kontakt med helsesøster eller rektor ved din skule.
 

Les meir om PIS grupper på:
http://vfb.no/no/vi_tilbyr/skilsmisse_i_familien/pis_skilsmissegrupper/%C3%85+snakke+om+skilsmissen+i+gruppe.b7C_wlvG0z.ips
 

Publisert av Simon Knutsson Sortland. Sist endra 24.11.2015
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Mobil:
926 66 868
Bunnhjørne
 
Login for redigering