Målgruppe
Heimebuande som har noko behov for pleie, omsorg eller sosial kontakt.
Formål med tenesta
Dagopphald vil kunne gjera dagleglivet lettare for brukar og / eller omsorgspersonar. Eit dagtilbod kan vera med på å bida til at ein kan bu lengre i eigen heim.
Tenesta gjeld
Dagopphald er på Trivselshuset eller Bømlo omsorgstun. Du får fri skyss fram og tilbake frå heimen. Du får middag og kaffi før du reiser heim. Elles er det ulike aktivitetar å ta del i.
Målet er m.a. at du skal få ein betre kvardag saman med andre.
Betaling
Pris for dagopphald ved institusjon finn du under betalingssatsar. Dersom du ikkje kjem etter avtale, vil du likevel bli kravd for betaling.
Korleis søkja tenesta
Søknad skal skrivast på Søknadsskjema Helse og omsorgstenester og sendast til Tenestekontoret i Bømlo kommune, Leirdalen 1, 5430 BREMNES. Du kan òg levera søknaden i skranken på Rådhuset.
Har du spørsmål? Ta kontakt med tenestekontoret på tlf 53 42 3470.
Ta òg gjerne kontakt med dagavdelinga ved BBR på tlf. 53 42 34 20 eller Bømlo omsorgstun på tlf. 53 42 37 60 for nærare informasjon.
Meir om saksbehandling og rett til å klaga på vedtak finn du her.