Arbeid og aktivitetstilbod, personar med utviklingshemming

Målgruppe 
Personar med utviklingshemming arbeidstrenings- eller opplæringsretta tilbod, eller som treng eit varig aktivitetstilbod. 
 
Formål med tenesta 
Målet er å gje trening og aktivisering med utgangspunkt i den einskilde sine føresetnader slik at fysisk, psykisk og sosial utvikling vert fremja som del av eit totaltilbod.   
 

Tenesta gjeld 
NAV-kontoret har gjennom sine ordningar eit hovudansvar for å hjelpa funksjonshemma med tilrettelagt arbeid i vanleg offentleg eller privat verksemd. Eventuelt kan dette skje gjennom bedrifter som er oppretta særskilt for denne målgruppa (t.d. Sunnhordland Industrier AS, Viergo AS).  Funksjonshemma som ikkje kan gjera seg nytte av tilrettelagt arbeid i det vanlege arbeidsliv eller ved verksemder for funksjonshemma, kan venda seg til NAV-kontoret og be om hjelp til eit arbeids- eller aktivitetstilbod. Ein har ikkje rettskrav på eit slikt tilbod, men NAV-kontoret vil så langt råd er freista å finna fram til løysingar som gjennom arbeidstrening kan gje grunnlag for tilrettelagt arbeid, eller eit meir varig aktivitetstilbod. I nokre tilfelle har NAV-kontoret og kjøpt eit arbeidstreningstilbod ved andre bedrifter. Ta kontakt med NAV-kontoret på tlf. 53 04 33 00. Då kan du få nærare opplysningar.


Dei som ikkje oppfyller krava til å få tilrettelagt arbeidstilbod gjennom NAV kan søkja om kommunalt arbeids og aktivitetstilbod.
 
Kva er kravet for å motta tenesta 
Dersom du ikkje stettar krav om tilrettelagt arbeid gjennom NAV kan det vere aktuelt å søkje om arbeids-/ aktivitetstilbod i kommunal regi. Dagtilbod er ikkje ei lovpålagt yting, men vurdering av søknaden blir vurders i samanheng med dine øvrige behov for helse og omsorgstenester.
 
Korleis søkja tenesta 
Søknad skal skrivast på Søknadskjema helse- og omsorgstenester og senast til Tenestkontoret i Bømlo kommune, Leirdalen 1, 5430 Bremnes. Du kan òg levera søknaden i skranken på Rådhuset.
Har du spørsmål? Ta kontakt på tlf 53 42 34 70.

 

Tilbod om arbeids og aktivitetstilbod er einskildvedtak etter forvaltningslova. Eventuelt avslag kan påklagast til den kommunale klagenemnda. Klagen skal sendast til Tenesekontoret.

 

Habiliteringstenesta

 

Sist endra 05.02.2015
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering