Ergoterapi

 

Målgruppe 
Kommuneergoterapeuten arbeider i forhold til menneske i alle aldrar, som har, eller som står i fare for å få problem med å fungera i kvardagen. 
 
Formål med tenesta 
Ergoterapeuten arbeider med rehabilitering og habilitering. Målet med ergoterapi er å betra eller vedlikehalda brukaren si funksjonsevne og gjera det mogleg utifrå eigne føresetnader å vera sjølvhjelpen i kvardagen så langt det går an. Det vera seg i forhold til både heim, barnehage, skule, arbeid og fritid. For meir informasjon om ergoterapi, gå til Norsk Ergoterapeutforbund.
 
Tenesta gjeld 
Ergoterapeuten arbeider fyrst og fremst med menneske sine daglege aktivitetar og med praktisk tilrettelegging av dagleglivet for menneske med funksjonsvanskar.
 
Ved hjelp av kartlegging av brukaren sine ressursar og begrensningar, samt miljøet han/ho er i (barnehage, skule, arbeid, fritid eller heimen), kjem ein saman fram til tiltak som kan gjera det mogleg for han/ho til å fungera best mogleg ut frå eigne føresetnader, og til å vera sjølvstendig i kvardagen.
 
Aktuelle arbeidsoppgåver kan vera;

  • kartlegging, tilrettelegging og trening av aktivitet/oppgåver i dagleglivet
  • motivasjon og bevisstgjering av eigen situasjon
  • organisering av kvardagen
  • kognitiv vurdering/rettleiing/trening
  • finmotorisk vurdering/rettleiing/trening
  • munnmotorisk vurdering/rettleiing/trening
  • leddvern
  • ergonomisk tilrettelegging
  • fysiske endringar av miljøet
  • vurdering og tilpassing av bustad
  • formidling, utprøving, tilpassing og opplæring i bruk av hjelpemidlar
  • funksjonsvurdering i forhold til bilsaker, biltilpassing
  • informasjon og samarbeid med ulike instansar t.d. omsorgsområde, skule, pårørande etc.

Mykje av arbeidet vårt foregår i omgjevnadane brukaren skal fungera i til dagleg; heim, barnehage, skule, arbeid, fritid. For å gje eit best mogleg heilskapeleg tilbod, er me opptekne av å få til eit godt tverrfagleg samarbeid.
 
Ergoterapeuten har eit tett samarbeid med kommunefysioterapeutane, som òg er samlokalisert. Andre samarbeidspartnarar er Bømlo bu- og rehabiliteringssenter, omsorgsområda, Barne og familietenesta, ulike institusjonar, skular, NAV-kontor, hjelpemiddelsentralen, hjelpemiddelfirma, regionale spesialisttenester og pårørande.
 


Ergoterapeutane har kontor og test/treningsrom på Bømlo Helsehus.
  
Har du behov for ein Individuell plan? 
 
Kva er kravet for å motta tenesta 
Barn, unge, vaksne og eldre som har, eller står i fare for, å fungera i dagleglivet (i heimen, skole, arbeid, fritid etc) kan ta kontakt med ergoterapeut.    
 
Kva gjer kommunen 
Tilvising til ergoterapeut kan skje både frå brukaren sjølv, frå pårørande eller frå helsepersonell. Ein kan fylla ut og senda tilvisingskjema eller ringa direkte til ergoterapeut. Ventetida frå tilvising er motteken og til saka blir påbegynt varierar. Då det generelt er stor pågang, må ein rekna med litt ventetid, i periodar opp til fleire månader. Enkelte saker blir imidlertid prioritert, vurdert ut frå tilvisingsgrunn i kvart enkelt tilfelle.

 

Korleis søkja tenesta 
Ergoterapeutane har kontor på Bømlo Helsehus, og dekkjer heile kommunen. 
 
Tilvisingsskjema til ergoterapi

 

Kommuneergoterapeutar:

Britt Mari Farestveit
Tlf: 53 42 33 47 mobil 908 22 991

Bianca Rolfsnes-Flock
Tlf: 53 42 33 39 


Chatrine Hidle Johansen
Tlf 53 42 33 44 mobil 91542956

Anne Alvsvåg Tlf 53 42 33 29 (vikar måndagar og tysdagar)

 

Adresse:

Ergo- og fysioterapitenesta

Leirdalen 25

5430 Bremnes

 


Fysioterapi

Tilvisingsskjema

Tillvisingsskjema som skal leggjast ved søknadsskjema (PDF, 179 kB)        

Tekniske hjelpemidlar

 

Sist endra 19.10.2017
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 33 42
Mobil:
900 83 537
Tittel:
verksemdsleiar
Bunnhjørne
Kommunale tenester (2)
Eining (1)
 
Login for redigering